Holvikjekta
Holvikjekta er ei nordfjordjekt, eigd av Nordfjord Folkemuseum. Ho vart bygd i 1881 på Sandane i Gloppen . Byggmeister var Jakob Apalsæt, Gloppen. Jekta er klinkbygd. Eigarar var fire bønder frå Sandane.[1] Holvikjekta er 19,70 meter lang, 8,30 meter brei og 2,95 meter djup. Den store råseglmasta var 25,75 meter lang.[2] Fremste delen av kjølen, framlotet, var sidare enn det som var vanleg på tilsvarande jekter. Dette før at ho skulle vere god å styre. Råseglet (skomfarseglet) var sauma saman av 32 dukar.[1] Samla pris for den nye jekta, medrekna segl, skrog og rigg var 3800 kroner. [3]
Det vart som regel tre turar til Bergen kvar vår/sommar. Lasten var for det meste ved. Holvikjekta var på 40 lester. Kvar lest 3 mål ved. Jekta bar då 120 mål vårkløyvd ved. Av lettare haustkløyvd ved var lasta opp i 150 mål. Siste turen til Holvikjekta var ein last med telefonstolpar til Osterfjorden. Det var i 1906. Det var og siste året Holvikjekta vart sjøsett.
I 1909 kjøpte Nordfjord sogelag jekta for 400 kroner. Seinare vart naustet og kjøpt for 400 kroner. Då Nordfjord Folkemuseum vart skipa i 1920 overtok dei Holvikjekta. Gloppen kommune kjøpte grunnen der nastet står. Og sidan har jekta stått der som ho opprinneleg hadde vinteropplag.[1] I 2021 vert det arbeidd for å få i stand eit nytt bevarings- og formidlingsbygg på same staden.[3]
ReferansarEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Pedersen, Bjørn Tore : JEKTA Eventyrets farkost. Museumsforlaget Trondheim 2019