Homeostase (homøostase, av gresk ὅμος, hómos, 'gjere lik med'; og ιστημι, histēmi, 'å stå i ro') er tendensen eit opent eller lukka system har til å halde det indre miljøet konstant. Mest typisk er omgrepet nytta for levande organismer for å skildre tendensen dei har til å regulere ein konstant, indre likevekt for temperatur, blodtrykk, væskevolum, konsentrasjon av salt og liknande, trass varierande ytre påkjenningar. Men omgrepet har og vore nytta meir generelt om system som held på likevekt som t.d. i kybernetikk og økologi.

Det finst fleire dynamiske likevektsjusteringar og reguleringsmekanismar som verkeleggjer homeostase i biologien. I alle fleircella organismar utvekslar cellene signal som koordinerer dei mange prosessane i kvar einskild celle, til det beste for heile organismen. Dette samarbeidet mellom cellene sikrar miljøet rundt cella, det vil seie at det indre miljøet i organismen vert heldt konstant i hovudsak.

Kjelder

endre