Homofobi er eit omgrep som vert nytta på fleire språk for å skildre negative haldningar og handlingar retta mot homofile. Det finst ingen konsistent definisjon av homofobi i psykologifagleg litteratur, men det vert ofte nytta om ei negativ haldning, meining, reaksjon eller handling i tilhøve til homofile eller homofilt kjønnsliv.[1]

LHBT-aktivistar på Köln Pride ber eit banner med flagga til dei over 70 landa der homofili er forbode.

Opphavet til uttrykket endre

Ordet homofobi kjem frå amerikansk-engelsk. Det vart fyrste gong nytta i 1965 av psykologen George Weinberg, fyrst i eit foredrag og seinare i boka Society and the Healthy Homosexual.[2][3] Ordet kombinerer det greske substantivet φόβος (fobos, fobi), som tyder «panisk frykt», med prefikset όμοιος (homo, homo), som tyder «det same». Førstelekken «homo» i homofobi er dermed den same ordet som inngår i homoseksualitet og homofili, og må ikkje blandast saman med latinsk homo, som tyder menneske (som i Homo sapiens).

På engelsk fanst det eit alternativt ord, homoerotophobia, lansert av dr. Wainwright Churchill i Homosexual Behavior Among Us i 1967, men det uttrykket er i liten grad i bruk i dag.

Uttrykket i bruk endre

Psykologi endre

Til skilnad frå kliniske fobiar som araknofobi og klaustrofobi, er homofobi i psykologifagleg tyding ikkje ein sjukeleg, irrasjonell frykt. Uttrykket er ikkje endeframt å samanlikna med den øvrige bruken i psykologifaget av fobi-omgrepet, men vert ofte skildra som eit kjensle-, tanke- og handlingsmønster, basert på fåkunne, fordomar, eller avgjorde politiske, sosiale eller religiøse oppfatningar, og kan i slik samanliknast med xenofobi.[4]

Enkelte forskarar har argumentert for at «homofordomar» hadde vore eit meir dekkande uttrykk enn «homofobi», basert på at dei meiner at anti-homofile haldningar handlar meir om fordomar enn om tradisjonelle fobiar..[5] Andre meiner uttrykket slik det vert brukt i dag burde splittast i uttrykka homonegativisme, eit multidimensjonalt uttrykk som skildrar eit stort spekter av antihomofile responsar, inkludert haldningar, overtydingar og konklusjonar andsynes homofili, og homofobi, her som eit eindimensjonalt uttrykk som skildrar kjenslesmessige eller affektive responsar.[6]

Offentleg debatt endre

I offentleg debatt nyttast uttrykt særleg av forkjemparar for homofiles rettar, og i vidare forstand i den generelle samfunnsdebatten om korleis enkelte reagerer på homofile og/eller homofil praksis. Offentlege ytringar negative til homofil praksis eller ordningar som tilkjenner homofile same rettar som hine (likekjønna par som adoptivforeldre, likekjønna ekteskap og liknande) kan verte omtalte som homofobe.[7] Dei som har kome med ytringane meiner ofte på si side at deira utsegner eller handlingar er basert på prinsipielle religiøse eller politiske fundament og at skildringa difor er eit urettmessig forsøk på å sjukleggjere dei og synspunkta deira.

Enkelte hevdar at ei avvisning av homofili eller homofil praksis ikkje treng å rotfestast i kunnskapsmangel, fordomar, eller politiske, sosiale eller religiøse oppfattingar som kan hevdast å ha noko slektskap til xenofobi, og at dette lett kan oversjåast ved bruk av ordet homofobi fordi ordet i seg sjølv har ein sterk psykologiserande assosiasjon.[8]

Daglegtale endre

Gjennomslagskrafta til ordet på ei rekkje språk har vore gjenstand for diskusjon.[treng kjelde] På den eine sida set det ord på eit fenomen det tidlegare ikkje fanst noko kort og fyndig omgrep for. På den andre sida har ordet i seg kvalitetar (bruken av fobi, som «psykologiserer» og dermed «set på plass» innehavaren av fobien) som har gjort nytten av det svært freistande i debattsamanheng.[treng kjelde] Ordet kan nyttast som skjellsord.

Internalisert homofobi endre

Når homofobe kjensler på grunn av innprenta samfunnshaldningar, oppseding og liknande, opptrer hos homofile vert det kalla internalisert homofobi.[9] Dette er eit vanleg fenomen før og under sjølvidentifikasjonsprosessen som ofte vert omtalt som å kome ut av skapet, og gjev seg ofte uttrykk i sjølvfornekting og/eller -forakt, frykt for å identifiserast som homofil, for sanksjonar frå familie, kollegaer og vener og/eller å utsetjast for mobbing og vald, skam- og skuldkjensle, og i enkelte tilfelle sjølvmord.[10][11]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Bernat, Jeffrey A.; Calhoun, Karen S.; Adams, Henry E.; Zeichner, Amos (2001). «Homophobia and Physical Aggression Toward Homosexual and Heterosexual Individuals». Journal of Abnormal Psychology 110 (1): 179-187. 
  2. Ayyar, Raj. «GayToday.com Interview - George Weinberg: Love is Conspiratorial, Deviant & Magical». Henta 9. mai 2006. 
  3. Weinberg, George (1972). Society and the Healthy Homosexual. St. Martin's Press. ISBN 0-312-73851-X.  [(nytrykk 1983)]
  4. Röndahl, Gerd (2005). Heteronormativity in a Nursing Context (Doktoravhandling). Uppsala universitet. 
  5. Logan, Colleen R. (1996). «Homophobia? No, Homoprejudice». Journal of Homosexuality 31 (3): 31-53. ISSN 0091-8369. 
  6. Hudson, W. W. og Ricketts, W. A. (1980). «A strategy for the measurement of homophobia». Journal of Homosexuality 15: 356-371. ISSN 0091-8369. 
  7. «KrFU-politiker til angrep på homofobien i partiet». Gaysir. 9. november 2006. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 30. november 2006. 
  8. Thomas Bjerkholt (29.03.2006). «Kirken og de homofile». Adresseavisen. 
  9. Bera Ulstein Moseng (2005). «Skeive dager 2003 – en rusundersøkelse» (PDF). Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring: 51. 
  10. Kristinn Hegna (2001). «Høyere forekomst av selvmordsforsøk blant homofile ungdommer?». Tidsskrift for den norsk lægeforening 121 (9): 1100-1102. Arkivert frå originalen 10. september 2005. 
  11. Eva Friis (1998). «Selvmord og selvmordsforebygging blant homofile og lesbiske». Nytt i suicidologi (3). Arkivert frå originalen 27. august 2005. Henta 8. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff endre