Mobbing inneber å utsetja ein eller fleire personar for systematisk plaging og utestenging innan ein organisasjon, til dømes ein skule eller ein arbeidsplass. Å bli utsett for mobbing kan føra til nedsett sjølvtru og depresjon, medan ein aktiv mobbar ofte har trekk som manglande empati og høg agressivitet.

Mobbing kan ta ulike former:

Ein person som aktivt mobbar ein annan blir kalla ein mobbar. Mobbeforsking har vist at mobbarar gjerne har mykje sjølvtillit, men låg evne til medkjensle. Dei liker makt- og statuskjensla det kan gje å kontrollera og trakassera ein annan person. For at mobbing skal skje treng mobbaren som regel hjelp av ein «taus masse», menneske som ser på eller deltek mindre aktivt i mobbinga.

Ein som blir utsett for mobbing blir kalla mobbeoffer. Det er ingen psykiske eller fysiske fellestrekk blant mobbeoffer. Det er ei vanleg oppfatting at visse utsjånader gjer ein til eit lettare offer for mobbing (til dømes raudt hår, å bruka briller eller å vera tjukkare eller tynnare enn gjennomsnittet), men alle slags vanlege og uvanlege eigenskapar kan brukast som påskudd til å mobba nokon. Det finst likevel nokre trekk som går igjen hjå fleire offer – eit studie gjort av den svenske mobbeforskaren Dan Olweus viste at fleire ungar som blei utsett for mobbing var meir engstelege, forsiktige eller hadde meir avvikande åtferd enn andre, medan eit norsk forskingsprosjekt kom fram til at ein del av dei som var blitt utsett for mobbing var meir nevrotiske og mindre utåtvende, medgjerlege og samvitsfulle enn dei som ikkje hadde vore utsett.[1][2]

Eit uorganisert miljø med uklår leiing og høgt stressnivå kan gjera det lettare for mobbing å utvikla seg. Førebyggande arbeid kan dermed gå ut på å motverka desse faktorane, og å læra folk opp i å ta klar avstand frå mobbing.[2]

Ordsoge endre

 
«Mobbing the Tories». På engelsk viser ordet «mobbing» helst til valdsgjerningar frå ein mobb. Her blir britisktru amerikanarar plaga av ein mengde patriotar under den USA-amerikanske sjølvstendekrigen.

Ordet «mobbing» er avleia av det engelske mobb-omgrepet, og ordet viser på engelsk helst til åtak utførte av store grupper. «Mobbing» slik det blir brukt på norsk blir rettare omsett med engelsk 'bullying'.

I kulturen endre

Mobbing blir omtalt i ei rekke verk i moderne norsk kultur, til dømes i romanar som Jonas av Jens Bjørneboe og Herman av Lars Saabye Christensen, eller i novella «Liket» av Tor Jonsson.

Sjå òg endre

Kjelder endre