For andre tydingar av oppslagsordet, sjå homofoni.

Homofon er to eller fleire ord med ulikt opphav og ulik tyding som har lik uttale, men kan ha ulike skriveformer.[1][2] Ein homofon er ei form for homonym.

I nokre norske dialektar er det mogleg å skilja visse homofonar på tonelaget (gjerne og jernet) eller ved ylike uttale, der til dømes kjøre og tjøre har distinkt forskjell på deler av Nordvestlandet, der t-en i tjøre er markant.

Nokre norske homofonar er:

  • jul og hjul
  • vert, verdt, vært og hvert
  • har og hard
  • kjære og tjære
  • gjerne, hjerne
  • vinn og vind

Kjelder endre

  1. «homofon» i Nynorskordboka.
  2. «homofon | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), 23. juni 2020, henta 18. september 2023