Horisontal genoverføring

Horisontal genoverføring er prosessen der organismar, i hovudsak bakteriar og arkar, kan ta opp gen og andre DNA-sekvensar frå organismar, og skil seg soleis frå øksling, der DNA går frå forelder til avkom.[1]

I bakteriar hender horisontal genoverføring gjennom tre ulike mekanismar:[2]

  1. sella tek opp i seg nake DNA frå omgjevnadene (kalla transformasjon)
  2. bakterisella er i fysisk kontakt med sella ho får DNA frå (kalla konjugasjon)
  3. det nye DNA-et kjem gjennom ein bakteriofag (kalla transduksjon)

Horisontal genoverføring kan henda mellom organismar frå vidt ulike taksonomiske einingar, til dømes frå prokaryotar til eukaryotar.[1] Fleire kopiar av Wolbachia-genom, ei slekt av bakteriar som mellom anna koloniserer ulike leddyr, vart funne i genomet til fruktfluga Drosophila ananassae.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Keeling, Patrick J.; Palmer, Jeffrey D. (august 2008). «Horizontal gene transfer in eukaryotic evolution». Nature Reviews Genetics 9 (8): 605. PMID 18591983. doi:10.1038/nrg2386. 
  2. Ochman, Howard; Lawrence, Jeffrey G.; Groisman, Eduardo A. (18. mai 2000). «Lateral gene transfer and the nature of bacterial innovation». Nature 405 (6784): 299–304. PMID 10830951. doi:10.1038/35012500. 
  3. Klasson, Lisa; Kumar, Nikhil; Bromley, Robin; Sieber, Karsten; Flowers, Melissa; Ott, Sandra H; Tallon, Luke J; Andersson, Siv G E; Dunning Hotopp, Julie C (2014). «Extensive duplication of the Wolbachia DNA in chromosome four of Drosophila ananassae». BMC Genomics 15: 1097. PMC 4299567. PMID 25496002. doi:10.1186/1471-2164-15-1097. 
  Denne genetikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.