Hotel Continental

Hotel Continental er eit hotell i Oslo med adresse Stortingsgata 24, men dekker etter utvidingar og nybygg heile det kvartalet som vert avgrensa av Stortingsgata, Klingenberggata og Olav V's gate. I den eldste bygningen som hotellet eig, ligg den vidgjetne restauranten Theatercaféen.

Hotelltilbygget frå 1934 med Stortingsgata i framgrunnen. Hovudinngangen til heile hotellet ligg her.
Den eldste bygningen med Theatercaféen i fyrste høgda.

Hotellet med Theatercaféen opna i 1900. Foss Bryggeri bygde og eigde den fyrste hotellbygningen, og overlet drifta av hotellet og kafeen til leigetakarar. I 1909 tok Caroline og Christian Boman Hansen over leigeavtalen, og etter tre års drift var dei i stand til å kjøpe hotellet, inklusive kafeen. Den svenskfødde Caroline Boman hadde flytta til Noreg og Christiania (Oslo) i 1887 og arbeidde her som kokke. Fire år seinare gifta ho seg med Christian Hansen, ein Oslogutt som arbeida som kelner, og til liks med sin hustru kom frå fattige kår. Gjennom fire generasjonar har denne éine og same familien bygd opp og utvikla hotellet og restaurantane til det omfanget det har i dag.

I 1932 og 1961 vart hotellet utvida til å fylle eit heilt kvartal, med 155 individuelt innreia rom. Dessutan er det ein bankett- og konferanseavdeling for inntil 300 gjestar, med 12 bankett- og møtesalar, 4 salongar og anna. Theatercaféen har plass til 240 gjestar. Hotellet har ei stor samling biletkunst, og i den klassiske lobbybaren, Dagligstuen, er det eit stort utval av Edvard Munchs grafikk.

Litteratur endre

  • Caspar Brochmann: Mors hus, Hotel Continental – en personlig affære gjennom 75 år (dei fire siste kapitla er skrivne av Arne Hestenes). Oslo 1986: Grøndahl. ISBN 8250408365

Bakgrunnsstoff endre