Bikjebukten

(Omdirigert frå Hound Bay)

Bikjebukten eller Hound Bay er ei bukt mellom Tijuca Point og Cape Vakop langs nordkysten av Sør-Georgia. Namnet «George Bay» og «Hundebugten» har òg vore nedteikna på kart for denne bukta. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at kval- og selfangarane kalla «Bikjebugten». Namnet Hound Bay vart foreslått av UK Antarctic Place-Names Committee og er ei engelsk omsetjing av det norske namnet.[1]

Bikjebukten
bukt
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°22′S 36°13′W
Lengd 4,5 km
Kart
Bikjebukten
54°22′0″ S 36°13′0″ W
Bikjebukten is located in Antarktis
Bikjebukten (Antarktis)

Den 21. april 1982 gjekk britiske Special Boat Service i land ved Hound Bay frå helikopter frå HMS «Endurance», og gjorde eit forsøk på å krysse over til dei argentinske stillingane gjennom Sörling Valley til Cumberland East Bay, der dei vart drivne attende av snø og is 22.-24. april.[2]

Kjelder endre

  1. «Hound Bay». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 16. oktober 2012. 
  2. Bicheno, Hugh (2006) Razor's Edge: The Unofficial History av Falklandskrigen. London. Weidenfield & Nicholson. ISBN 978-0-7538-2186-2

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bikjebukten» (innhald frå Geographic Names Information System).