Ein hovudstad er den byen i eit land, eller ei anna politisk eining, der den politiske administrasjonen held til. Hovudstaden er ofte, men langt frå alltid, den største byen i den aktuelle eininga.

Tokyo er hovudstaden i Japan og ein av verdas største byar.

Eit land med polysefal bystruktur kan ha fleire hovudstader (som til dømes i Sør-Afrika eller Nederland), eller statusen som hovudstad kan gå på omgang mellom fleire byar.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.