Hudson Mountains
Hudson Mountains er ei gruppe vulkanske nunatakar i det antarktiske isdekket Vest i Ellsworth Land. Dei ligg like aust for Cranton Bay og Pine Island Bay ved austenden av Amundsenhavet og grensar i nord til Cosgrove isbrem og i sør til Pine Islandbreen.[1]
Hudson Mountains | |||
fjellkjede | |||
Hudson Mountains
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | |||
Høgaste punkt | |||
- høgd | 749 moh. | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Type | Stratovulkanar | ||
Siste utbrot | 1985? | ||
![]() Hudson Mountains | |||
Fjella vart oppdaga av medlemmar av på flyturar frå USS «Bear» i februar 1940, og ytterlegare skissert frå flyfoto tekne under USN Operasjon Highjump i desember 1946. Heile gruppa vart kartlagd av USGS frå US Navy-flyfoto i 1966. Dei vart namngjevne av US-SCAN etter kaptein William L. Hudson, kaptein på «Peacock» under av US Exploring Expedition, 1838-42. «Peacock» og «Flying Fish» under løytnant Walker, segla langs kanten av pakkisen nord for området i fleire dagar mot slutten av mars 1839.[1]
Fjella er lite eroderte og det vart observert damp frå fjella i 1974, og ikkje-stadfesta rapportar om eit utbrot oppdaga av satellittar i 1985. Fjella kan derfor vere aktive vulkanar.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Hudson Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- LeMasurier, W. E.; Thomson, J.W., red. (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512 pp. ISBN 0-87590-172-7.