Hugo Junkers (3. februar 18593. februar 1935) var ein tysk ingeniør og føretaksleiar.

Hugo Junkers

Fødd3. februar 1859
Rheydt
Død3. februar 1935
Gauting
NasjonalitetTyskland
Områdeluft- og romfartsteknikk
YrkeQ10497074, oppfinnar, universitetslærar
InstitusjonarRWTH Aachen
Alma materRWTH Aachen
Technische Universität Berlin
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet

Biografi endre

Hugo Junkers var fødd i Rheydt, i dag ein bydel i Mönchengladbach. Han studerte ved Technische Hochschule Berlin (Charlottenburg) og ved dei tekniske høgskulane i Karlsruhe og Aachen.

Frå 1897 til 1911 var Junkers professor ved den tekniske høgskulen i Aachen, men ved utbrotet av første verdskrigen gjekk han over til flyindustrien.[1] I tillegg til dette arbeidet interesserte Junkers seg for arkitektur.

Hugo Junkers konstruerte fleire maskiner, men vert oftast assosiert med fly- og flymotorar. I 1895 grunnla han i Dessau-selskapet Junkers & Co. for produksjon av gassapparat. I 1915 utvikla han det første flyet i Junkers J1. I 1917-1919 fusjonerte Junkers med Fokker til Junkers-Fokkerwerke AG som vart ein del av den tyske rustningsindustrien under første verdskrigen. I 1923 grunnla han Junkers Flugzeug und Motorwerke AG i Dessau.

Etter at nazistane tok makte i1933 vart Junkers tvinga til å overdra patenta og aksjane sine til statsmakta og å overføra selskapet sitt til den tyske staten. Han vart sett på som upåliteleg av nazistane, og sat i periodar i husarrest. Han døydde i Gauting i 1935.

Under andre verdskrigen var Junkers-Werke ein av dei viktigaste produsentane i den tyske rustningsindustrien med kampfly som Ju 52 (med kallenamnet «Tante Ju»), Junkers Ju 88 og Junkers Ju 87 «Stuka».

Kjelder endre

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 14, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 736.