Den fyrste verdskrigen

Den fyrste verdskrigen var ein global konflikt med sentrum i Europa, utløyst av skota i Sarajevo, som varte frå 1914 til 1918. Over 70 millionar soldatar vart mobiliserte og over 9 millionar stridande og over 7 millionar sivile vart drepne i løpet av krigen.[note 1] Krigen omfatta stormaktene på denne tida: Ententemaktene (opphavleg Frankrike, Russland og Storbritannia, USA frå 1917) og sentralmaktene (Tyskland, Austerrike-Ungarn, kort etter krigsutbrotet det osmanske rike). Begge alliansegrupper freista å mobilisere heile økonomien i ein total krig; særleg bidrog kvinner til mye av arbeidet. Sentrale årsaker til krigen var dei europeiske stormaktene sin imperialisme og militarisme, drivne fram av rasisme og nasjonalisme, i land prega av klassemotsetningar og diskriminerande kjønnsroller.[note 2]

Den fyrste verdskrigen

Dato 28. juli 191411. november 1918[1]
Stad Verdskrig
Resultat Siger for ententen, oppløysing av Det tyske riket, Det russiske keisardømet, Det osmanske riket og Austerrike-Ungarn.
Partar
Ententemaktene:
Russland
Flagget til Frankrike Frankrike
Det britiske flagget Det britiske imperietDet amerikanske flagget USA m.fl.
Sentralmaktene:
 Tyskland Tyskland
 Austerrike-Ungarn
 Det osmanske riket
 Bulgaria (frå 1915)
Kommandantar
Flagget til Russland Nikolaj II
Flagget til Frankrike Clemenceau
Det britiske flagget D. Lloyd George
Det amerikanske flaggetWoodrow Wilson
Flagget til Austerrike-Ungarn Frans Josef I
Flagget til Tyskland Wilhelm II
Styrkar
Flagget til Russland 12 000 000
Det britiske flagget 8 841 541
Flagget til Frankrike 8 660 000
Det amerikanske flagget 4 743 826
Totalt: 42 959 850[2]
Flagget til Tyskland 13 250 000
Flagget til Austerrike-Ungarn 7 800 000
Flagget til Det osmanske riket 2 998 321
Flagget til Bulgaria 1 200 000
Totalt: 25 248 321[2]
Tap
Militære, døde:
5 421 000[3]
Militære, såra:
12 800 000[4]
Sivile døde:
Anslag 4-6 millionar[5]
Militære, døde:
4 029 000[3]
Militære, såra:
8 400 000[4]
Sivile døde:
Anslag 3-5 millionar[5]

Den 28. juli 1914 erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Tyskland angreip Belgia og Frankrike i vest, og Russland angrep Tyskland i aust. Etter nokre månader låste kampane på vestfronten seg, og fram til våren 1918 vart frontlinjene ubetydeleg endra. På austfronten var frontlinjene meir dynamiske, og krigen enda med at sentralmaktene sigra etter dei russiske revolusjonane i 1917. Kampane i Afrika braut ut i august 1914, då konflikten vart spreidd frå dei imperialistiske statane i Europa til koloniane. Frå 1915 sette Det osmanske riket i verk folkemordet på armenarane. Etter at Russland kapitulerte i 1918 konsentrerte Tyskland styrkane sine på vestfronten, men den tyske våroffensiven stoppa etterkvart opp. Hundredagarsoffensiven til Ententemaktene pressa den tyske hæren tilbake, og landet måtte underteikne våpenkvile den 11. november 1918.

Ved avslutninga av krigen vart grensene til mange land teikna om, og fleire nasjonar fekk tilbake sjølvstende eller vart oppretta. Det osmanske riket vart oppløyst. Austerrike-Ungarn vart erstatta av ei mengde mindre sentraleuropeiske statar. Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Under fredskonferansen i Paris i 1919 vart dei fire stormaktene (Storbritannia, Frankrike, Italia og USA) samde om vilkår for dei tapande nasjonane i ei rekke avtalar (mellom anna Versaillestraktaten), og Folkeforbundet vart oppretta. Byrjinga til avkolonisering vert kopla av historikarar til fyrste verdskrigen og etterverknadane av han. Første verdskrigen avslutta det hundreårlange hegemoniet til Europa over resten av verda. Ei rekke faktorar knytte til følgjene av fyrste verdskrigen, som revolusjonar, store økonomiske svingingar (den store depresjonen), og ei tysk kjensle av å ha vorte audmjuka (egga av nasjonalistisk propaganda, som i dolkestøytsoga), bidrog til utbrotet av den andre verdskrigen.

Alliansar endre

 
Dei europeiske landa i 1914. Land i trippelententen er markert med grønt, dei i trippelalliansen med raudt. Nøytrale land er markert med gult.
Ententemaktene Slutta seg til ententemaktene Sentralmaktene Slutta seg til sentralmaktene

Bakgrunn endre

Wienkongressen i 1815, etter Napoleonskrigane, teikna kraftig om på kartet over Europa. Målet var å skapa ein ny situasjon utan større konfliktar. Situasjonen endra seg etter kvart, i og med at nasjonalismen som tanke voks fram. Mindre statar med sams kultur byrja arbeid for å slå seg saman, og større rike risikerte å bryta saman etter som ulike folkegrupper ynskte sjølvstende. Samlinga av Italia og Tyskland er døme på den fyrste tendensen. I løpet av Otto von Bismarck si karriere oppstod eit system av alliansar mellom ulike land, for å skapa ei maktbalanse. I byrjinga av 1900-talet kom det fram ei rad spenningar mellom to store blokker av allierte som dreiv med militær opprusting. Frankrike ynskte oppreising etter nederlaget i den fransk-tyske krigen 1870-71, Storbritannia og Tyskland konkurrerte i kolonispørsmål og om marinestyrke, medan Russland og Austerrike-Ungarn hadde ulike meiningar om korleis Balkan og Austeuropa skulle delast opp mellom dei.

Namn endre

Sjølv om krigen 1914–1918 blir omtalt som «den fyrste verdskrigen», var det fleire verdsomspennande krigar mellom europeiske makter før den tida; den fyrste var sjuårskrigen (1756–1763).[6][7] Fram til andre verdskrigen braut ut, vart fyrste verdskrigen vanlegvis berre omtalt som «verdskrigen» eller 'den store krigen' (engelsk the Great War, fransk la Grande Guerre, tysk der große Krieg).

Stormakter i verda 1871-1914 endre

 
Måleriet «Den svarte flekken» (fransk La Tache Noire). Kongeriket Preussen hadde vunne den fransk-tyske krigen, og Alsace-Lorraine vart annektert, men skulebarn i Frankrike skulle ikkje gløyma tapet.
Måla av: Albert Bettannier (1851–1932) i 1887

Etter Napoleonskrigane (1803–1815) var Tyskland delt opp i mange statar; dei fleste var små, laust sammenknytte i det tyske forbundet. I 1860-åra var Preussen, under leiing av rikskanslaren Otto von Bismarck, den drivande krafta i arbeidet for ei tysk samling, mot rivalen Keisarriket Austerrike. Preussen overvann Danmark i den andre slesvigske krigen i 1864 og Austerrike i den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866–1867 i konfliktar om landområde. Eit tilnærma samla Tyskland overvann Frankrike i den fransk-tyske krigen i 1870. Alsace-Lorraine vart etablert som ein prøyssisk provins (Reichsland Elsaß-Lothringen). Samlinga av Tyskland vart proklamert den 18. januar 1871 i Spegelsalen i Versailles.[8] Dette skapte bitterheit og revansjisme – hemnlyst og krav om å få tilbake dei avståtte områda – i Frankrike.[9] Med sigeren vart òg Tyskland den kontinentale stormakta i Europa.[10] Tyskland vart både frykta og ein del av stormaktsspelet.[11]

Dei neste 19 åra, til 1890, vart dominerte av det diplomatiske systemet til Bismarck, der han fokuserte på å halde fred i Europa ved å halde Frankrike isolert politisk, og at Tyskland var på parti med minst to av dei andre europeiske stormaktene.[12] Eitt av trekka var å opprette trekeisarforbundet med Austerrike-Ungarn og Russland i 1873. I 1890 avsette keisar Vilhelm II av Tyskland Bismarck.[13] Under Wilhelm II nedprioriterte rikskanslarane diplomatiske avtalar med Russland, som då gjekk inn i forhandlingar med Frankrike og i 1894 inngjekk ein allianse. Dette var eit problem både for Tyskland, som vart inneklemt, og Storbritannia, som var imperialistisk rival til Frankrike i Afrika og til Russland i Asia,[14] i åra 1895–1905 var særleg Storbritannia isolert i Europa.[12] Ein allianse mellom to av Storbritannia sine rivalar ville tidlegare ført til ein britisk-tysk allianse. At så ikkje skjedde var dels grunna britisk tilbakehald, dels amatørmessig tysk diplomati, men særleg den tyske flåteopprustinga.[15]

« Historia om tilbakeliggjande land i det nittande og tjuande hundreåret er historia om freistnaden på å nå att den meir utvikla delen av verda ved å etterlikna han. »

—Historikaren Eric Hobsbawm i boka On History[note 3][16]

Ved hundreårsskiftet hadde Tyskland hjelpt Frankrike og Russland i Kina, medan britane hadde hindra dei. Forsøk på allianse, eller i det minste ein avtale, mellom Storbritannia og Tyskland mislykkast.[17][18] Først i 1904 kom ei avgjerd, då Storbritannia og Frankrike signerte Entente cordiale (ein avtale, opphavleg berre knytt til grenser for koloniane deira).[19] Tyskland tvilte på styrken til denne avtalen, og året etter reiste keisar Wilhelm II til Marokko for å støtte landet sitt sjølvstende. Marokko var kontrollert av Frankrike, og Vilhelm si vitjing vart oppfatta av Frankrike som ein provokasjon. Dette vart kjent som den fyrste Marokkokrisa, og enda i diplomatisk nederlag for Tyskland, medan ententen kom styrka ut.[20][21] Også andre tyske framstøyt enda med å styrke ententen. I 1911 blussa det opp ein konfrontasjon i Marokko, Agadirkrisen, og igjen kom Tyskland tapande ut.[21][22]

Gjennom store delar av 1800-talet hadde Russland og Storbritannia vore rivalar i det store spelet (rivaliseringa mellom Russland og Storbritannia over Afghanistan og tilstøytande område).[23] Rivaliseringa vart avslutta ved at Russland vart ein del av ententen, no kjend som trippelententen.[24] Av dei fem stormaktene var tre på same side, og Tyskland og Austerrike-Ungarn var i mindretal. Både før og etter Balkankrigane (1912–1913) var det osmanske riket ute etter ein sterk alliert. Tyskland hadde investert i jernbanen Berlin-Bagdad, og bistod med militær opplæring og rådgiving.[25][26] Det osmanske riket hadde hatt ei rekke krigar mot Russland, og sidan Russland var alliert med Frankrike og Storbritannia, var det antirussiske alternativet gunstigast.[27][28] Det var likevel ingen formell allianse med Tyskland – både Storbritannia og Frankrike hadde òg militære rådgivarar i landet.[26]

Rasisme, imperialisme og rustningskappløpet endre

Bakgrunnen for fyrste verdskrigen var ein i hovudsak europeisk nasjonalisme, fundert på rasisme, som for dei større nasjonane (særleg Storbritannia, Frankrike og Tyskland) førte til etablering av koloniar, eller rivalisering om dei.[29] Frå 1880-åra var det ei ny bølgje av kolonisering, kjend som ny-imperialisme eller høgimperialisme.[30][31] Ifølgje historikaren John Morrow jr. kan fyrste verdskrigen ikkje forståast utan å sjå han i samanheng med den samtidige imperialismen.[32] Offisielt vart ekspansjonen forklart med behov for råmateriale og marknader, geopolitisk vinning ved kontroll av strategiske område, auka nasjonal prestisje og for å sikre busetjing for den overflødige befolkninga i heimlandet. Ny-imperialismen spira frå og forsterka den utbreidde rasistiske nasjonalismen i Europa mot slutten av 1800-talet, basert på sosialdarwinisme.[31][33][34][35][36][37] Den rådande forståinga av sosialdarwinisme i samtida - at statane var dømde til å kjempe mot kvarandre - spelte òg ei stor rolle for synet ein hadde på krig.[35][36][37][38][39][40]

« Naturligvis må jeg ønske at vi seirer og håper på det ettersom vi er den sunnere, oppadstigende rasen. Dette viser seg ikke bare gjennom den bedre kroppslige kondisjonen, den større disiplinen og unektelig større påliteligheten hos tyskerne jevnført med franskmennene, men også gjennom deres bedre moralske tilstand. »

—Den austerrikske fysikaren Lise Meitner i brev til den svenske fysikaren Eva von Bahr, hausten 1914. Meitner hadde jødisk bakgrunn, og måtte flykte frå Tyskland i 1938.[41]

Imperialisme og demokrati


Den kraftige styrkinga av imperialismen (kjent som nyimperialismen) og militarismen mot slutten av 1800-talet var ifølgje professor Rolf Hobson nært knytt til utstrekt demokratisering i europeiske land. Ved at større grupper av befolkninga fekk stemmerett, vart det òg auka folkeleg deltaking i utanrikspolitikken i landa. Kontrollen til dei tidlegare elitane over dei mest sentrale sakene til staten vart utfordra av ein nasjonalisme som omfatta stadig aukande delar av innbyggarane. Krimkrigen, dei tyske og italienske samlingskrigane oppstod dels og vart intensivert av nasjonale fiendebilde. Perioden er ifølgje Hobson eit døme på at demokratisering ikkje nødvendigvis fører til ei fredelegare verd.[42]


Kulturen i perioden med ny-imperialisme var gjennomsyra av tanken på krig, den europeiske over- og mennene til middelklassen bokstaveleg talt lengta etter å utmerke seg i kamp. Ulike organisasjonar, frå speidarrørsla i Storbritannia,[43] til wandervogel i Tyskland, skulle førebu ungdommen på krig. Imperialistisk tankegang preget europearane sitt syn på seg sjølv, og på andre europearar,[44] til den grad at ulike nasjonalitetar vart oppfatta som forskjellige rasar.[45][46]

« Imperialismen var til en stor del statlig organisert plyndring, muliggjort av overlegen militærmakt. »

—Professor Rolf Hobson, s. 314 i boka Europeisk politisk historie: 1750–1950

Under utanriksminister Bernhard von Bülow lanserte Tyskland mot slutten av 1890-åra ein strategi kalla Weltpolitik (global politikk). Bakgrunnen var innanrikspolitisk, men resultatet var eit ønske om koloniar, og med det òg ein vesentleg større marine.[47][48][49] Som følgje av den tyske flåteutvidinga vedtok Storbritannia å bygge opp, og konsentrere ein stor flåte i Nordsjøen, med base i Skottland.[50] Denne strategien vart støtta ved britiske avtaler med Frankrike, Japan og USA, der dei tre sjømaktene påtok seg å dekke andre område enn Nordsjøen.[22][50] Erfaringane frå den russisk-japanske krigen (1904–1905) vart studert av dei europeiske stormaktene, den tyske generalstaben innsåg fordelen med skyttargraver og mobilt tungt artilleri.[51]

I årene rett før 1914 meinte nokre europeiske leiarar, særleg i Tyskland og Frankrike, at ein storkrig i Europa nærast var uunngåeleg.[52] Dette var eit resultat av endringane i maktbalansen, og dei store militære opprustingane som starta med flåtekappløpet,[53] maktbalansen vart militarisert.[54] Tyskland var den største landmilitære makten, og om den store krigen var uunngåeleg, var det mange tyske offiserar som hevda at han burde kome raskt. De hadde ikke råd til å vente på resultata av dei store militære opprustingane i Frankrike og Russland.[55][56][57][58] Andre leiarar, spesielt i Storbritannia, meinte at Europa var så sammenknytt økonomisk at ein storkrig i praksis var umogleg.[59] Den internasjonale finansmarknaden viste heller inga særleg bekymring for krig før dei siste dagane i juli 1914, først då byrja frykta for konflikt å visast i lågare prisar på statsobligasjonar.[60]

« Det generaloppgjøret som brøt ut i 1914, var en nesten uunngåelig følge av nasjonalisme, imperialisme og rustningskappløp. »

—Professor Rolf Hobson, s. 306 i boka Europeisk politisk historie: 1750–1950

I åra frå 1908 til 1913 auka dei europeiske dei militære utgiftene av maktene med 50 %.[61] Rustingskappløpet, særleg det på land, var ei hovudårsak til krigsutbrotet.[62] Frå 1911 var det ei kraftig auka av talet på soldatar i armeane til dei kontinentale stormaktene, i juli 1914 var 3,6 millionar menn i aktiv teneste, før sjølve mobiliseringa byrja.[63] Austerrike-Ungarn var unntaket, det hadde ein mobiliserbar styrke på rundt halvparten av kva Tyskland eller Frankrike hadde.[64]

Krigsplanar og tofrontskrig endre

 
Kartskisse over Belgia og den nordlege delen av Frankrike, med tysk framrykking etter Schlieffen-Moltkeplanen og ein planlagd fransk motoffensiv

Alle dei europeiske maktene hadde utarbeidd krigsplanar før krigsutbrotet. Medan planar for éin konkret krig er kjent allereie frå Aleksander den store (356–323 f. Kr), var generelle krigsplanar eit produkt av 1800-talet. Utbygging av jernbaner og etablering av militære stabsskular la grunnlaget for detaljerte planverk for korleis krigar kunne utkjempast. Medan krigsplanane til stormakten var både offensive (angrep) og defensive (forsvar), var krigsplanane til dei mindre maktene stort sett berre defensive, dei var avhengige av kva stormaktene gjorde. Hær- og marinestyrkane til dei ulike landa la kvar sine planar, og dei vart sjeldan samordna. Den øvste leiinga i statane var ofte ukjent med krigsplanane. Den tyske statsministeren Theobald von Bethmann Hollweg vart såleis ikkje fortald om krigsplanen i landet før i desember 1912, sjølv om planen hadde vore førebudd sidan 1905. Tilsvarande vart øvstkommanderande for den italienske marinen ikkje på førehand underretta om hæren si avgjerd om å gå til krig mot Austerrike-Ungarn. Underretninga kom fram til admiralitetet same dag som krigserklæringa vart gjeven.[65][66] Overordna dei detaljerte krigsplanane låg hos begge alliansane ei tru på ein kort krig, avgjort ved offensivar rett etter krigsutbrotet, då ein lengre krig av ulike grunnar vart sett på som umogleg.[67]

Krigsplanen til Det tyske keisarriket (ofte omtalt som Schlieffenplanen, meir korrekt Schlieffen-Moltkeplanen)[68][69] førebudde ein tofrontskrig, mot Russland i aust og Frankrike i vest. Ved mobilisering skulle fronten mot russarane forsvarast med ein mindre styrke, medan hovudstyrken angreip franskmennene. Sidan festningane langs den tysk-franske grensa vart rekna som for sterke til å trenge igjennom, skulle det tyske angrepet gå gjennom det svakare Belgia, og deretter inn i Frankrike frå nord. Etter at Paris var inntatt og Frankrike var slått, skulle store delar av dei tyske styrkane transporterast austover med jernbane for å avgjere krigen mot russarane.[70] Analyser etter krigen har vist at Schlieffen-Moltkeplanen var logistisk umogleg.[71]

Den franske krigsplanen vart endra frå hundreårsskiftet, og fram mot 1914. Frå eit defensivt forsvar ved grensa, vart planen endra til angrep på Tyskland, og gjenerobring av Alsace-Lorraine. Medan ein mindre styrke skulle verne grensa mot Belgia overfor eit mogleg angrep frå Tyskland, skulle den franske hovudstyrken angripe Tyskland i aust, og trenge fram mot Rhinen. Bakgrunnen for endringa frå defensiv til offensiv strid, var dels ei utviding av den franske hæren, dels eit ønske om å bidra så sterkt som mogleg til å nedkjempe Tyskland, saman med Frankrike sin viktigaste allierte, Russland.[72] Dei fransk-russiske krigsplanane var baserte på at krigen ville verta avgjort i løpet av dei fyrste seks vekene, derfor var rask innsats av store styrkar fra begge land avgjerande.[73]

Den russiske krigsplanen var prega av dei store avstandane i landet og at styrkeoppbygging derfor ville ta tid. Ein mogleg tofrontskrig mot Tyskland i vest og Austerrike-Ungarn i sørvest, var òg ei utfordring. Den russiske hæren vart stadig sterkare fram mot 1914, og i 1910 vart krigsplanen endra frå defensivt forsvar til å skulle angripe Tyskland. Den russiske overkommandoen såg på eit angrep på Tyskland som nødvendig for å hindre fransk isolasjon ved utbrot av ein krig.[74][75]

Austerrike-Ungarn var den svakaste av dei europeiske stormaktene. Det rekna seg som truga av Serbia, som igjen var støtta av Russland. Ein konflikt ville derfor òg for dei bli ein tofrontskrig. Hæren skulle derfor delast i tre, den sterkaste gruppa skulle gå mot Russland i nordaust, ein mindre del mot Serbia, medan ei tredje gruppe skulle vere reserve for begge frontavsnitta.[76]

Britiske krigsplanar skilde seg ut som følgje av at Storbritannia var eit øyrike, og i motsetning til andre europeiske land var marinen den primære forsvarsgreina. Landet hadde små ståande styrkar, og i motsetning til alle andre europeiske land, hadde dei ikkje verneplikt. Utan å ha avgitt noka formell forplikting var landet ope for å delta med ein styrke (British Expeditionary Force, BEF) på fransk side.[77] Planen til den britiske marinen var fjernblokade (blokade der skip vart stoppa langt frå kysten) av Tyskland, defensive operasjonar og avskrekking.[78]

Belgia sine krigsplaner hadde Londontraktaten av 1839 som grunnlag. Dei belgiske styresmaktene var fast bestemt på å ikkje binde seg til noko land, slik at deira eigen nøytralitet ikkje kunne nektast for av nokon av landa som hadde signert traktaten.[79] Dei belgiske styrkane skulle konsentrerast sentralt i landet, med den befesta hamnebyen Antwerpen i ryggen. I denne posisjonen kunne styrkane forsvare seg mot eit angrep, anten det kom frå Tyskland, Frankrike eller Storbritannia.[80]

Skota i Sarajevo og julikrisa endre

 
Kartskisse som viser kva tid ulike land kom med i fyrste verdskrigen, sentralmaktene i gult, ententemaktene i grønt.

Striden mellom Serbia og Austerrike-Ungarn tilspissa seg då Austerrike-Ungarn formelt annekterte Bosnia-Hercegovina i 1908. Dette var eit område Austerrike-Ungarn hadde okkupert sidan 1878, då dei erobra det frå Det osmanske riket.[81] Mange av innbyggarane var serbarar, men samla var bosnjaker (stort sett bosniere med muslimsk bakgrunn) og kroatar i fleirtal.[82] Serbia ønskte å innlemme Bosnia-Hercegovina i ein større sør-slavisk stat.[83]

 
Gavrilo Princip gripen straks etter at han har skote Franz Ferdinand og kona hans.

Konfliktnivået var dermed allereie høgt då den austerrikske tronfølgjaren Franz Ferdinand og kona hans Sophie besøkte Sarajevo, hovudstaden i Bosnia, den 28. juni 1914. Der vart begge myrda i eit politisk attentat[84] av den unge bosniske serbaren Gavrilo Princip.[85] Attentatet gjekk over i historia under namnet «Skota i Sarajevo».

kronprinsen og kona skulle besøke ein offiser som var vorten skadd under eit tidlegare åtak, hoppa den 18 år gamle Princip opp på bilen og skaut fleire skot. Kronprinsparet døydde momentant. Guten var medlem av ein organisasjon som kalte seg Den svarte handa.

« Vi var dømt til å dø. Vi kunne selv velge hvordan vi skulle dø, og vi valgte den verste måten. »

—Utanriksminister Ottokar Czernin om undergangen til Austerrike-Ungarn[86]

«Den blanke sjekken»

Tyskland si uavgrensa støtte til Austerrike-Ungarn i byrjinga av juli 1914 (omtalt som ein blank sjekk, altså eit verdipapir der verdien ikkje er angitt) bidrog til at krisa enda med krig, og er sidan sterkt debattert blant historikere. Nokon meiner at det var eit forsøk på å utvide ein lokal konflikt til ein europeisk storkrig, medan andre meiner at det var eit forsøk på å avgrense konflikten. Dei fleste historikarar ser på at «den blanke sjekken» var ein siger for dei kreftene i Wien som ønskte krig mot Serbia.[87]


Mordet på kronprins Franz Ferdinand og kona hans vart det utløysande momentet. Hendingane som følgde er kjende som «julikrisa». Etter ei tid med diplomatiske utspel mellom Serbia og Austerrike vart den svarte veka innleia med mobilisering mellom stormaktene. I Tyskland erklærte kanslar Theobald von Bethmann Hollweg at landet ville støtte Austerrike-Ungarn militært viss Russland blanda seg inn (i ettertid kjent som «den blanke sjekken»). Austerrike-Ungarn trudde derfor at Russland ville forhalde seg nøytralt,[88] og Bethmann Hollweg såg innleiingsvis på at krisa kunne avgrensast til Balkan.[89] Den 23. juli 1914 stilte Austerrike-Ungarn eit ultimatum på ti punkt til Serbia med frist på 48 timar.[90][note 4] Viss ikkje Serbia sørgde for å slå ned på anti-austerrikske og nasjonalistiske straumdrag, ville austerrikarane gå inn militært i Serbia. Serbia sende 24. juli ein appell til tsar Nikolaj II, og bad om hjelp då dei såg på krava som nedverdigande og tidsfristen for kort. Tsaren svarte at ultimatumet var audmjukande for Serbia, og at Austerrike-Ungarn framprovoserte ein krig. Den 26. juli starta Russland mobiliseringa, sjølv om den offisielle mobiliseringsordren ikkje vart gitt før 30. juli.[91]

Storbritannia ønskte i det lengste å løyse krisa diplomatisk, og inviterte 26. juli Tyskland og Frankrike til å diskutere situasjonen. Tyskland avslo, og pressa Austerrike-Ungarn med at invasjonen måtte kome raskt. Samtidig kom dei fyrste svake teikna frå Storbritannia om at dei ville støtte Frankrike om Tyskland angreip. Den 25. juli braut Austerrike-Ungarn samtalane med Serbia, og 28. juli kom krigsfråsegna i form av eit telegram. Då Tyskland 1. august 1914 kom med krigsfråsegna si mot Russland, betydde dette i praksis òg ei krigsfråsegn mot Frankrike (dei to land var i allianse).[92] Leiarane for dei to alliansane frykta at krig ikkje ville verte akseptert av arbeidarklassen. Delar av sosialistrørsla meinte det samme, men under trusselen av det dei fleste oppfatta som forsvarskrig, vart sosialistane og arbeidarane verande lojale mot sine ulike land, og organisasjonen den andre internasjonalen vart splitta.[93]

Då Storbritannia erklærte krig 4. august, var den direkte årsaka at Tyskland invaderte Belgia som eit ledd i invasjonen av Frankrike. Storbritannia hadde i Londontraktaten av 1839 garantert for Belgia sitt sjølvstende. Ein underliggande viktigare grunn var tysk kontroll over det kontinentale Europa, om Frankrike lei nederlag,[note 5] det ville leidd til at Storbritannia si rivalisering med Russland og Frankrike om koloniar hadde halde fram, og at landet måtte alliert seg med Tyskland.[94][note 6] Av landa i dei to alliansegruppene var det berre Italia som i fyrste omgang heldt seg utanfor krigen.[95][96][97] Ved utbrotet av krigen hadde sentralmaktene (Tyskland og Austerrike-Ungarn) 136 divisjonar, mot ententen (Russland, Frankrike og Storbritannia) sine 182 divisjonar.[98]

Krigsutbrotet endre

 
Fransk kavaleri i Paris på veg til fronten i august 1914

Den 28. juli gjekk Austerrike til krig mot Serbia. Russland byrja mobilisering for å koma Serbia til hjelp, og erklærte krig, trass i åtvaring frå Tyskland. Tyskland var alliert med Austerrike og erklærte krig mot Russland den 1. august. To dagar seinare, den 3. august vart krig mot Frankrike erklært. Den 4. august erklærte Storbritannia krig mot Tyskland. Den 6. august erklærte Austerrike krig mot Russland.

 
Tysk gassåtak frå Austfronten 1916. Til høgre i biletet ser ein rekkjer av tyske infanteristar klåre til åtak.
 
Gravplass i Frankrike etter fyrste verdskrigen

Noreg og den fyrste verdskrigen endre

 
Luftskip av typen Zeppelin etter naudlanding ved Jæren i 1916.

Noreg var, på lik linje med dei andre skandinaviske landa, nøytralt under den fyrste verdskrigen.

Krigen gjekk likevel hardt ut over den norske handelsflåten, som måtte sigla gjennom krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1 892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde likevel ikkje meir enn om lag 20 prosent av flåten.

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. Tapstal for fyrste verdskrigen er omtrentlege. Encyclopædia Britannica anslår drepne soldatar til rundt 8,5 millionar og sivile til rundt 13 millionar, særleg sistnemnde er det sprikande tal for. Sjå EB 2010, bind 29, s. 987 Antoine Prost oppgjev ein matrise over ulike kjelder, der fem av åtte oppgjev over ni millionar døde soldatar, sjå Prost, s. 587–588, The Cambridge History of The First World War, bind III
  2. Dei underliggjande årsakene til kvifor fyrste verdskrigen braut ut er svært omdiskutert. Litteraturen er omfattande, over 25 tusen bøker og artiklar er skrivne om emnet. Dei fleste synspunkta på korleis krigen oppstod kan underbyggast med eit utval av tilgjengelege kjelder. Sjå Clark 2012, s. xxiv-xxv
  3. The history of backward countries in the nineteenth and twentieth centuries is the history of trying to catch up with the more advanced world by imitating it.
  4. Ultimatumet frå Austerrike-Ungarn kravde at Serbia formelt og offentleg skulle fordømme den «skadelege propagandaen» mot Austerrike-Ungarn, som det hevda hadde som endeleg mål å «fjerna frå monarkiet område som tilhøyrde det». Vidare skulle Beograd «med alle mål undertrykke denne kriminelle terroristpropagandaen». I tillegg skulle den serbiske regjeringen gjere følgjande:
    1. Undertrykke alle publikasjonar som «oppfordra til hat og forakt mot Austerrike-Ungarns monarki», og er «retta mot den territoriale integriteten» til riket.
    2. Oppløyse den serbiske nasjonalistorganisasjonen Narodna Odbrana ('Folkets forsvararar') og alle andre slike organisasjonar i Serbia.
    3. Utan opphold fjerne frå skulebøker og offentlege dokument all «propaganda mot Austerrike-Ungarn».
    4. Fjerne frå den serbiske militære og sivile administrasjonen alle offiserar og funksjonærar oppgjevne av Austerrike-Ungarn sine styresmakter.
    5. Motta «representantar for Austerrike-Ungarn si regjering» for å «undertrykke undergravande element».
    6. Stille for retten alle hjelparar ved attentatet på erkehertugen og la «Austerrike-Ungarn sine representantar» (politifolk) ta del i etterforskinga.
    7. Arrestere major Vojislav Tankosić og tenestemannen Milan Ciganović som vart nemnde som medhjelparar i planlegginga av attentatet.
    8. Avslutte dei serbiske styresmaktene sitt samarbeid i «smuglinga av våpen og eksplosiv over grensa», avskjedige og straffe tenestemennene i grensevakta i Šabac og Loznica, «skyldige i ha assistert gjerningsmennene i forbrytelsen i Sarajevo».
    9. Avgi «forklaring» til Austerrike-Ungarn si regjering vedrørande «serbiske tenestemenn» som i intervju har uttrykt seg «fiendtleg til Austerrike-Ungarn si regjering».
    10. «Utan opphold» underrette Austerrike-Ungarn si regjering om gjennomføringa av tiltaka oppgjevne i ultimatumet.
    I avslutninga av dokumentet forventa Austerrike-Ungarn eit svar frå Serbia seinast klokken 17, 25. juli 1914. Eit tillegg til hovudteksten nemnde ulike detaljar frå «etterforskinga av brotsverket gjennomført av domstolen i Sarajevo, mot Gavrilo Princip og kameratane hans, med grunnlag i attentatet», som vart oppgitt å skulle skyld, og bistand til konspiratørene frå ulike serbiske tenestemenn.
  5. «The vital point was not the invasion, but that Germany was the invader, and the British government and much of the public saw German domination of Western Europe as dangerous», oversettelse: «Det sentrale var ikke invasjonen, men at Tyskland sto bak, og den britiske regjeringen og mange av publikum så tysk dominans over Vest-Europa som farlig.». Se Stevenson 2012, s. 33
  6. «By Allying with France, Britain was better able to manage its own relationship with Germany, and to give itself the sort of continental military clout which its diminutive army could not. Even more important was the link with Russia: Russia's membership of the Entente committed it to rivalry with Germany, gave its policy a European twist, and so relieved the British of the challenge of its main rival in Central Asia. If Britain had failed to support France and Russia in 1914, its links with them would have been forfeit, and the reopening and deepening of those old and more traditional rivalries would have driven Britain into the only alternative, an Anglo-German alliance. For all Asquith's hope, isolation from Europe was no longer possible, not least because of its imperial consequences.» Se Strachan 2001, s. 94-95

Kjelder endre

  1. Keegan 1998, s. 6, 60
  2. 2,0 2,1 Tucker, Spencer C; Roberts, Priscilla Mary (2005). Encyclopedia of World War I, s. 273. Santa Barbara: ABC-Clio. ISBN 1-85109-420-2.
  3. 3,0 3,1 Ferguson 1998, s. 337
  4. 4,0 4,1 «War Losses», frå International Encyclopedia of the First World War (største tal er valde, og dei er avrunda til næraste 100 tusen
  5. 5,0 5,1 «Twentieth Century Atlas - Death Tolls», avrundet summering
  6. Howard 2002, s. 1
  7. «The Writes of Man». The Economist 438 (9238): 64. 27. mars 2021. «The Seven Years' War, which broke out in 1756, was described by Winston Churchill as the "first world war".» 
  8. Tysklands historie - Store norske leksikon
  9. Evans 2016, s. 265
  10. Side 181, Paul W. Schroeder: «International Politics, Peace, and War 1815 – 1914», i The Nineteenth Century Europe 1789-1914 av T.C.W. Blanning (red.) i serien The Short Oxford History of Europe, Oxford University Press, Oxford, 2000
  11. Schroeder, s. 183–184
  12. 12,0 12,1 Hobson 2015, s. 320
  13. A.J.P. Taylor: The Course of German History, Routledge, 2001 (1.utg. 1945), s. 159–60
  14. Side 188, Schroeder
  15. Howard 2002, s. 11-12
  16. s. 3, On History, Eric Hobsbawm, 1997
  17. James Joll: The origins of the First World War, Longman, London, 1984 (2. utg. 1992), s. 51–52
  18. Robert K. Massie: Dreadnought, Pimlico, London, 2004 (første utg. 1991), s. 304–305
  19. Hobson 2015, s. 317, 321
  20. Strachan 2001, s. 15–16
  21. 21,0 21,1 Hobson 2015, s. 321
  22. 22,0 22,1 Strachan 2013, s. 39–40
  23. Howard 2002, s. 4
  24. Ferguson 1998, s. 53, 60
  25. Ferguson 1998, s. 143, 147-148
  26. 26,0 26,1 Strachan 2001, 663-666
  27. Side 544-545, R.R. Palmer, Joel Colton: A History of the Modern World, McGraw-Hill (8. utgave), New York, c1995
  28. Stevenson 2012, s. 109
  29. Evans 2015, s. 11
  30. Boris Barth (4. mars 2015). «Imperialism». International Encyclopedia of the First World War”. Henta 16. juli 2020. 
  31. 31,0 31,1 Hobson 2015, s. 258–259, 312–315, 323, 461
  32. Morrow jr., s. 411–412, The Cambridge History of The First World War, bind I
  33. Morrow jr., s. 405–406, The Cambridge History of The First World War, bind I
  34. «Imperialism», fra International Encyclopedia of the First World War
  35. 35,0 35,1 Evans 2016, s. 684-685
  36. 36,0 36,1 Hobson 2015, s. 259–260, 315–316, 461
  37. 37,0 37,1 Overy 2021, s. 4–5
  38. Strachan 2001, s. 9, 54-55, 68-69, 133-134, 136, 138-139, 149, 413, 1007
  39. Howard 2002, s. 27
  40. Neitzel, Sönke; Welzer, Harald (2012). Soldater: Beretninger om krig, drap og død. Press. s. 56. ISBN 978-82-7547-497-9. «Basert på sosialdarwinisme, rasisme og nasjonalisme formulerte den borgerlige høyresiden, i Tyskland som i mange andre land, en klart antikonservativ forestilling om en radikal kamp for tilværelsen mellom folkeslagene.» 
  41. s. 133-149, Hedqvist, H. (2012): Kärlek och Kärnfysik
  42. Hobson 2015, s. 307, 324
  43. Evans 2016, s. 683
  44. Evans 2016, s. 624
  45. Morrow jr., s. 408–409, The Cambridge History of The First World War, bind I
  46. Hobson 2015, s. 316
  47. Strachan 2001, s. 9–11
  48. Howard 2002, s. 10
  49. Hobson 2015, s. 298
  50. 50,0 50,1 Stevenson 2012, s. 19
  51. Howard 2002, s. 18
  52. Strachan 2013, s. 42
  53. Keegan 1998, s. 18-22
  54. Hobson 2015, s. 306, 324–328
  55. Ferguson 1998, s. 96-100
  56. Ferguson 2006, s. 105
  57. Strachan 2001, s. 62–63
  58. Hobson 2015, s. 282, 298–299, 323, 328
  59. Keegan 1998, s. 10-12
  60. Ferguson 2006, s. 80–86
  61. Fromkin 2004, s. 94
  62. Hobson 2015, s. 328
  63. Strachan 2014, s. 14
  64. Strachan 2013, s. 12
  65. Keegan 1998, s. 24-28
  66. Keegan 1998, s. 46
  67. Howard 2002, s. 18, 29
  68. David Stevenson, professor i historie (25. november 2014). «The Military History of the First World War: An Overview and Analysis» (Video fra YouTube, fra 6:25 i videoen). Gresham College. Henta 16. november 2017. «If you want to call it something you ought to call it the German war plan or the Schlieffen-Moltke-plan.
    Oversettelse: Hvis du vil kalle det noe bør du kalle det den tyske krigsplanen eller Schlieffen-Moltke-planen.»
     
  69. Stevenson 2012, s. 22
  70. Keegan 1998, s. 28–36
  71. Howard 2002, s. 30
  72. Keegan 1998, s. 37-40
  73. Stone 1998, s. 45
  74. Keegan 1998, s. 39-41
  75. Stone 1998, s. 33
  76. Keegan 1998, s. 42-43
  77. Keegan 1998, s. 44-45
  78. Strachan 2001, s. 397, 401, 413
  79. Keegan 1998, s. 77-81
  80. Strachan 2013, s. 48
  81. Clark 2012, s. 33-34
  82. I 1878 var det 43 % serbarar, 33 % bosnjakar og om lag 20 % kroatar. Clark 2012, s. 25
  83. Strachan 2001, s. 42
  84. Clark 2012, s. 374-375
  85. Keegan 1998, s. 48-50
  86. I verdenskrigen, s. 33, av Ottokar Czernin
  87. «Germany's Blank Cheque to Austria-Hungary», fra International Encyclopedia of the First World War
  88. Clark 2012, s. 415
  89. Strachan 2001, s. 99
  90. Clark 2012, s. 457-459
  91. Keegan 1998, s. 51–58
  92. Keegan 1998, s. 67-68
  93. Strachan 2001, s. 110–113
  94. Strachan 2001, s. 94–95
  95. Evans 2004, s. 12
  96. Martel 2003, s. xii ff
  97. Keegan 1998, s. 59–70
  98. Strachan 2001, s. 176

Bibliografi endre

På norsk endre

På engelsk endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den fyrste verdskrigen
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.