Huk er eit parkområde og ei badestrand (Hukodden) lengst sør på Bygdøyneset i Oslo.[1] Området vart kjøpt av Aker kommune i 1921. Det finst ei naturiststrand[2] på ei landtunge nordvest for Hukodden, som tidlegare var hagen til børstefabrikant Jordan. Bygdøy-bussen (nr. 30) har endestasjon nesten heilt ute ved stranda på Huk. Tidlegare gjekk det båt til Oslo sentrum i badesesongen, men båtane går no berre til Dronningkaia og Bydgøynes, og den gamle båtbrygga vert no nytta av ein del badande til å hoppe frå.[3].

Huk
stad
Land  Noreg
Kart
Huk
59°53′42″ N 10°40′34″ E
Wikimedia Commons: Huk, Bygdøy
Badestranda

Like ved strandområdet ligg skulpturen Large Arch (1963–69) av Henry Moore[4][5] og Ikaros av Anne Sofie Døhlen (1965)[4] (Anna Sofie Døhlen 1967)[6].

Bygg endre

  • Villaen som låg i tilknyting til Jordan sin hage vart riven, men garasjen er framleis bevart.
  • Strandrestaurant som vart bygd som badehus for Quisling under krigen. Området var avstengt og det var plassert ei stor kanon her.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Huk

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Gulesider.no: Kart over Huk
  2. NRK – Første gang på naturiststrand«I tillegg til en kikker nå og da får naturistene på Huk rett som det er besøk av en mer uventet samling mennesker. Mange japanske turister ser nemlig på naturiststranda som en attraksjon på lik linje med Frognerparken og Holmenkollen.»
  3. Trafikanten.no: 30 Nydalen-Bygdøy (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. februar 2007, henta 21. februar 2008 
  4. 4,0 4,1 Knut Are Tvedt, red. (2000). Oslo byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 209. ISBN 82-573-0815-3.  [«skulpturen Large Arch (1963–69) av Henry Moore og Ikaros av Anne Sofie Døhlen (1965)»]
  5. Caplex.no «Moore, Henry, 1898—1986, […] Eks. Large arch, Huk, Oslo (1963—69)»
  6. Caplex.no«Døhlen, Anna Sophie (Annasif), f. 1930, billedhogger. […] Ikaros, Huk, Oslo (1967);»