Opna hovudmenyen

Hulda er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det kan koma frå norrøne Hulð, ‘løynd, skjult’, hollr, ‘huld, trufast’ eller svensk huld, ‘søt, elskeleg’ eller frå hebraisk חֻלְדָּה, ‘røyskatt’.

Hulda har namnedag den 7. juli i Noreg og den 8. september i Sverige.

Namnet finst også i den nederlandske forma Holda med den opphavlege tydinga 'gøymd', og i kjæleforma Ulla. Ein finn det også som del i samansette namn, som mannsnamnet Huldar og kvinnenamna Huldeborg, Huldis og Huldrika.

Namnet er brukt i Bibelen gjennom profeten Hulda.

I norrøn mytologi var Huld, nemnd i Ynglingesoga, ei volve eller seidkvinne som drap den svenske sogekongen Vanlande på magisk vis.

NamneberararEndra

KjelderEndra