Hulda Grønneberg

norsk målar

Hulda Tegnér Grønneberg (15. mars 18447. mai 1924) var ein norsk kunstmålar.[1]

Hulda Grønneberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mars 1844
Christiania
Død

7. mai 1924 (80 år)
Christiania

Yrke kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Hulda Grønneberg på Commons
Fra Grosshesselohe, München, 1885. Olje på lerret. Tilhøyrer Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Grønneberg var fødd i Christiania som dotter av Fedor Ferdinand Tegnér (1817–1902) og Anne Marie, fødd Steffensen (1815–1897). Ho blei gift i 1865 med kjøpmannen Julius Fredrik Grønneberg (1836–1920). Ekteskapet blei seinare oppløyst (etter 1875). Sonen Harald Grønneberg blei også målar.[1] Hulda Grønneberg var kusine av den danske teiknaren og bokkunstnaren Hans Tegner (1853–1932).

Grønneberg var utdanna ved målarskulen til Knud Bergslien og gjekk i lære hjå Hermine Biedermann-Arentz. Ho var særleg aktiv på 1880-talet og dreiv mest med landskapsmåleri med motiv frå Noreg og utlandet.[1] Verka har «frisk detaljrik realisme» med impulsar frå fransk friluftsmåleri.[1] Frå 1890-åra var stilen blitt meir romantisk.[1] I 1893 forsvarte ho offentleg populær, «vakker» kunst, til motsats frå den naturalistiske tilnærminga.[1]

Grønneberg var blant dei få kvinnelege landskapsmålarane på den tida. Ho bidrog med verk til Verdsutstillinga i Paris i 1889.[2] I 1886 stilte ho ut Fra Walles have i SandvigenHaustutstillinga.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Wichstrøm, Anne (20. februar 2017). «Hulda Tegnér Grønneberg». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). Henta 15. oktober 2020. 
  2. Wichstrøm, Anne (1983). Kvinner ved staffeliet: kvinnelige malere i Norge før 1900. Universitetsforlaget. ISBN 8200066444. 
  3. Høstutstillingen gjennem de første 25 år: 1882-1907 : 5. sept.-2. okt 1932. 1932. 

Bakgrunnsstoff

endre