Humbug er på norsk eit synonym for svindel, juks eller bløff,[1] og viser til noko som tilsynelatande kan verka overbevisande, men som er lureri. Ordet stammar frå eit engelsk slanguttrykk av ukjent opphav, i bruk frå ca 1750.[2][3]

Ordet er fyrst registrert i skriftleg norsk i ein artikkel i Morgenbladet frå 1825 som omtaler ein britisk ærekrenkingssak.[4] I 1912 blei Jens Arnfred Olesen den siste i Noreg som blei dømt for blasfemi etter at han publiserte artikkelen «Den store humbugen». Dette fekk han ti kroner i bot for.[5][6]

I Charles Dickens si bok Ei juleforteljing bryt Ebenezer Scrooge ut med «Bah, humbug!» når det er snakk om jula. I filmen Trollmannen fra Oz blir trollmannen karakterisert av Dorothy som berre «humbug».

Kjelder endre

  1. «humbug» i Nynorskordboka.
  2. Oppslagsord Humbug i Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok: tematisk ordnet, Oslo: Kagge forlag, ISBN 978-82-489-1054-1
  3. «Humbug», Online Etymology Dictionary
  4. «Morgenbladet 1825.11.29», Morgenbladet 29. november 1825, s. 2. Nasjonalbiblioteket
  5. «Lovens liv etter døden», Aftenposten 2. februar 2009
  6. Johanson, Ronnie (3. august 2009): «Fritænkere i hundre år», kronikk i Bergens Tidende