Hunndalen er eit nærings- og bustadområde i Gjøvik kommune i Innlandet. Området blir i dag rekna som ein av Gjøviks bydelar og ligg om lag tre kilometer vest for Gjøvik bysentrum.

Hunndalen sentrum.
Foto: Øyvind Holmstad
Fabrikklokala til O. Mustad & Søn er gjort om til næringshage og husar ei rekkje ulike verksemder.
Foto: Øyvind Holmstad

Historie endre

Hunndalen som industristad er eit av dei eldste i Oppland. Sjølve nerven i Hunndalen var den gong Toten Cellulosefabrikk (nedlagt 1981). Verksemda O. Mustad & Søn AS (produsent av fiskekrokar og jernvareutstyr) er framleis aktiv i området etter ei rekke nedbemanningar. Mustads gamle industriområde har dei siste åra blitt revitalisert med ei rekke nye foretak - og framstår i dag som Mustad Næringspark som ligg på grensa mellom Hunndalen bydel og Gjøvik sentrum. Den gamle og pittoreske mursteinsbusetnaden langs Hunnselva huser pr. 2008 ei rekke nye foretak, som for eksempel Telenor kundeservice, TESS, og diverse lokaleentrepenørar.

Kyrkje endre

Hunn kyrkjelyd omfattar Hunndalen og store delar av Nordbyen. Kyrkjebygget, nye Hunn kyrkje, ligg på grensa mellom dei to bydelane.

Skole, barnehage og fritid endre

I bydelen ligg det to skoler, Blomhaug barneskole med nesten 400 elevar og Vardal ungdomsskole. Hunndalen har òg ei rekke barnehagar, mellom dei Huskestua, Marka og Misjonshuset.

Fritidsklubben "Møteplassen" som er open på onsdagar er populær mellom dei unge i bydelen. Det er òg ein ballbinge på Vardal idrettsplass, nokre fotballbanar og ein leikeplass som ligg langs Hunnselva.

Kjente personar frå Hunndalen endre