Innlandet fylke

fylke i Noreg

Innlandet er eit fylke i Noreg som blei danna 1. januar 2020. Det består av dei tidlegare fylka Hedmark og Oppland bortsett frå kommunane Jevnaker og Lunner, som blei overførte til Viken fylke.[1] Innlandet grensar til Trøndelag fylke i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Vestland fylke i vest og Viken i sør. Dessutan har det grense til Sverige i aust.

Innlandet fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Norway Counties Innlandet Position.svg
Wikimedia Commons: Innlandet

Området dekkjer nær 17 prosent[2] av fastlandsarealet i Noreg, og spennar frå Osloregionen i sør til Trøndelag i nord. Mot vest er regionen avgrensa av Jotunheimen og fjellområda i Valdres, og i aust av svenskegrensa.

Den største innsjøen i Noreg, Mjøsa, ligg sentralt plassert midt i Innlandet. Rundt Mjøsa ligg byane Brumunddal, Gjøvik, Moelv, Hamar og Lillehammer, som også er kjende som Mjøsbyane og Mjøsbyregionen.

I tillegg til den største innsjøen i Noreg husar Innlandet også det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, og den lengste elva, Glomma.

KjelderEndra

  1. https://www.viken2020.no/nyheter/lunner-jevnaker-og-svelvik-kommuner-overfores-til-viken.108674.aspx
  2. «Næringslivet i Innlandet». www.nho.no (norsk). Arkivert frå originalen 2017-03-14. Henta 13. mars 2017. 

BakgrunnsstoffEndra