Husværfjorden

fjord i Vega, Nordland

65°54′43.290″N 11°53′42.371″E / 65.91202500°N 11.89510306°E / 65.91202500; 11.89510306 Husværfjorden er ein fjord i Vega kommune og Herøy kommune i Nordland. Fjorden ligg nord for Husvær og strekkjer seg 17 km nordaustover til Sør-Herøy.

Fjorden startar mellom Sandvær i sør og Ytre Flesan i nord. I tillegg til Sør-Herøy ligg òg øya Tenna i aust. På nordsida ligg Ytre og Indre Flesan og Kjeggruve.