Sør-Herøy ligg ganske så midt i øykommunen Herøy i Nordland. Sør-Herøy er omgjeve av følgjande øyar: Nord-Herøy (i NØ), Tenna (i S) og Indre Øksningan (i NV). I vest ligg Færøysundet (namn etter Færøya, som eigentleg er ei halvøy landfast med Sør-Herøy). I aust ligg Herøysundet med Herøysundet bru til Nord-Herøy. I sør ligg Tennsundet med Tennsundbrua til Tenna.

Sør-Herøy
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 65°58′28″N 12°15′32″E / 65.97444°N 12.25889°E / 65.97444; 12.25889

Areal 6,2 km²

Høgaste punkt Lauvås (48 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Bruene utgjer en del av vegnettet som knytt Herøy kommune til øya Dønna, som ligg i nord.

På Sør-Herøy ligg Herøy kyrkje, som er ei gammal steinkyrkje frå 1100-talet, der diktarpresten Petter Dass ei tid var kapellan. Prestegarden ligg òg på denne øya.

Herøy Sentralskole har trinn ein til sju for kretsane Sør-Herøy, Tenna og Nord-Herøy. Sentralisert ungdomstrinn for kommunen ligg på Sør-Herøy.