Hvalrådet
Hvalrådet (etablert 13. september 1929 ved Kongeleg resolusjon, i drift til 1967) var eit statleg organ som vart oppretta for å administrere gjennomføringen av Kvallova (1929). Hvalrådet skulle bidra til betre kontroll innan kvalfangstnæringa når det gjaldt fangstkvoter, fredning av artar og effektivisering av fangsten blant anna ved å tilretteleggje for betre samhandling mellom reiarane.
Hvalrådet hadde utspringet sitt i Hvalkomiteen som vart etablert i 1924, under leiing av professor Johan Hjort, med spesielt mandat å koordinere norske og britiske interesser i den pågåande reforhandlinga rundt interessene i Antarktis (1926–29). Som eit ledd i reguleringa av fangsten på bardekval (lov av 21. juni 1929), vart så Hvalrådet etablert. I 1929 hadde likevel dei fleste kvalfangstselskapene byrja med pelagisk kvalfangst og hadde ikkje lenger det same behovet for dei engelske konsesjonane. Difor vart Kvallova meir innretta på å sikre kvalbestanden enn å tilfredsstille engelske interesser, og Hvalrådet forvalta lovverket.
Hvalrådet vart organisert i to avdelingar. Den eine var vitskapleg og vart til Statens institutt for kvalforsking ved Universitetet i Oslo. Den andre var administrativ instans som først var underlagt Handelsdepartementet, men vart overflytta først til Industridepartementet og så til Fiskeridepartementet. Gjennom denne organiseringa arbeidde rådet for auka kunnskap om kval og kvalfangst samstundes som det ein samordnande offentleg instans i spurnader som omhandla kval. Blant anna arbeidde rådet for å opprette International Whaling Statistics og forhandle fram internasjonale fangstavtaler for kval.
I starten hadde Hvalrådet tre medlemmar, utvida til sju i 1936 då Birger Bergersen tok over leiarrolla, som vart utvida til å òg gjelde internasjonal representasjon under forhandlingar på kvalfangstkonferansene i London, Berlin og Oslo (1936–39), noko som førte til den første fangstavtale internasjonalt (1936). Bergersen sat som leiar til 1954, etterfylgt av Gunnar Jahn 1954-60, Gustav Sjaastad 1960-64 og Hans Th. Knudtzon 1964-1967.
Hvalrådet utgav den årlege International Whaling Statistics, og dessutan skriftsserien Hvalrådets skrifter/Scientific results of marine biological research, i hovudsak driven av Biologisk laboratorium ved Universitetet i Oslo og Statens institutt for hvalforskning (oppretta 1937).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hvalrådet» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Joh. Tønnessen: Den moderne hvalfangstens historie 1959-1970