Hvem eier Tyssedal?

norsk film frå 1975

Hvem eier Tyssedal? er ein norsk dokumentarfilm frå 1975. Filmen handlar om konfliktar arbeidarane på industristaden Tyssedal var med i. I fleire generasjonar hadde folk slite for utanlandske eigarar av den lokale aluminiumsfabrikken DNN Aluminium. Dei utanlandske eigarane var ikkje så interessert i å modernisera og investera i fabrikkanlegget. Filmen fokuserer på året 1973. Arbeidsmiljøet var då helsefarleg, og naturen i området sterkt skadd av utslepp frå fabrikken. Arbeidarane kravde då at eigarane anten skulle modernisera, eller så skulle eigarane verta fråtekne dei gunstige kraftkonsesjonane og kraftavtalane dei hadde med den norske staten.

Hvem eier Tyssedal?
RegiSølve Skagen, Malte Wadman Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Staffan Lindqvist, Sølve Skagen, Malte Wadman Sjå dette på Wikidata
MusikkHans Rotmo Sjå dette på Wikidata
SjeffotografStaffan Lindqvist Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato23. august 1975 (Noreg),[1] 22. september 1975 (Noreg)[1][2]
Lengd85 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdokumentarfilm Sjå dette på Wikidata
Regi: Sølve Skagen og Malte Wadman
Lengd: 87 min

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 http://www.nb.no/filmografi/show?id=230599; vitjingsdato: 24. januar 2016.
  2. http://www.imdb.com/title/tt0073136/; vitjingsdato: 8. april 2016.

Bakgrunnsstoff endre