Hydrogenering
Hydrogenering er ein kjemisk reaksjon der umetta bindingar mellom karbonatom blir redusert ved at eit hydrogenatom blir knytt til kvart karbonatom.
Resultatet av hydrogenering er ein addisjon av hydrogen (H2) til molekylet ved dobbeltbindinga i molekylet. Den motsette prosessen vert kalla dehydrogenering.