Hydrotoraks eller hydrothorax er ein pleuraeffusjon der særøs væske hopar seg opp i pleurahòla.[1] Tilstanden kan vere relatert til cirrhose med ascites, der ascitisk væske lekk inn i pleurahòla. Hepatisk hydrotoraks er ofte vanskeleg å behandle i sluttstadiet av leversvikt, og tilstanden svarar sjeldan på terapi.

Røntgenbilete av vatn i lungene

I liknande pleuraeffusjonar finn ein blod i hemotoraks (som ved store brystskadar), puss i pyotoraks (som følgje av brystinfeksjon) og vevsvæske i kylotoraks (som følgje av ruptur i den store lymfegongen).

Handsaming endre

Handsaminga av hydrotoraks er vanskeleg av fleire grunnar. Den underliggjande tilstanden må korrigerast, men hydrotoraks er ofte etiologisk for sluttstadiet av leversvikt og kan berre rettast med full organtransplantasjon. Pleuradrenasje bør ikkje førekome. Andre tiltak, som til dømes «transjugulær intrahepatisk portosystemisk shunt» (TIPS), er meir effektive sidan dei handsamar etiologien bak hydrotoraksen, men kan føre til komplikasjonar som til dømes forverring av hepatisk encefalopati.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Henning Skjønsberg, Ole (13. februar 2009). «hydrothorax». Store Medisinske Leksikon. Henta 29. desember 2014. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.