61°48′17.467″N 5°58′49.220″E / 61.80485194°N 5.98033889°E / 61.80485194; 5.98033889

Hyefjorden sett frå Hyen sentrum

Hyefjorden eller Hyenfjorden er ein fjordarm av Hundvikfjorden og Nordfjord i Gloppen kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 13 km sørover til Hyen inst i fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hyeneset i vest og bygda Hestenesøyra i aust. Fylkesveg 615 følgjer heile austsida av fjorden, men det er få busetnader her. Heilt ytst i fjorden ligg dei veglause bruka Hyenes og Skjerdalen på vestsida, medan er nokre gardar langs austsida Kleppeneset, Osmundneset og Holme.

Begge sidene av fjorden er bratte og høge. På vestsida ligg Sausefjellet med Akslefjellet på 839 moh. Lenger sør ligg Eggene (1268 moh) og Seltuftnibba (1316 moh) nesten rett opp frå fjorden. På austsida ligg Sessegga (1304 moh) og Holsegga (1344 moh), der den vesle Storbreen ligg, i sør, medan Reinekallen (1255 moh) og Eikeneshesten (1093 moh) ligg lenger nord.

Fjorden får tilført mykje ferskvatn frå omliggande vassdrag, der lakseelva Aaelva frå Austredalen og Gjengedalen (lenger inne) er den største. Ved fjordbotn ligg bygdesenteret Hyen, med båtbyggeriet Brødrene Aa like ved. Det er fleire fiskeoppdrettsanlegg i Hyefjorden.