Hyperparasitt
Hyperparasittar er parasittar som sjølve snyltar på parasittar. Til dømes kan ei rekkje artar snyltekvefs og chalcididar konskevent leggja egga sine i ein annan insektlarve (til dømes ein snyltekvefslarve) som alt er ein parasitt i eit tredje insekt (til dømes ei bladlus).
Hyperparasittisme er òg kjend på fleire soppar i slekta Ophiocordyceps som endrar åtferda til vertsmaurane. Andre soppartar snyltar nemleg på desse parasittsoppane.[1]
Det er òg observert parasittar som snyltar på hyperparasittar.
Kjelder
endre«hyperparasitt» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 30. juni 2016.