Sopp

rike av organismar
Soppar
Lactarius hepaticus, ein storsopp
Lactarius hepaticus, ein storsopp
Systematikk
Overrike: Eukaryotar Eukaryota
Rike: Soppar Fungi
R.T.Moore, 1980

Sopp (Fungi) er ei stor gruppe heterotrofe, eukaryote organismar som lever over heile verda. Dei høyrer korkje til planteriket eller dyra, men er eit rike for seg sjølv.

Dei fleste sopp er mikroskopiske, men somme dannar store fruktlekamar for å spreie sporene sine. Det er desse me vanlegvis forbindar med ordet.

Innhaldsliste

ØkologiEndra

Nokre soppar er parasittar («snyltesopp») medan andre er saprofyttar («råte- og strøsoppar» som bryt ned daudt organisk materiale). Mange sopp får dessutan næringen sin frå samarbeid med andre organismar; særleg økologisk viktig er mykorrhizasopp, som lever i eller rundt røtene av plantar. Lav er eit anna døme på symbiotisk sopp.

Dei fleste soppar lever likevel av detritus; daudt organisk materiale. Stort sett tyder dette planter, men det er óg mange artar som lever av og på dyr.

LivssyklusEndra

Systematikk og klassifiseringEndra

Tradisjonelt har soppane vorte handsama av botanikarar, men nyare analyser av mellom anna DNA har vist at dei i røynda er nærare i slekt med dyra. Mange grupper, som eggsporesopp og slimsopp har dessutan vist seg ikkje å vera sopp i det heile.

Moderne klasifikasjon reknar med ei rekkje rekkjer av sopp; dei viktigaste er mikrosporidiar (Microsporidia), algesopp (Chytridiomycota), koplingssopp (Zygomycota), arbuskulær mykorrhizasopp (Glomeromycota), sekksporesopp (Ascomycota) og stilksporesopp (Basidiomycota).

Sopp som matEndra

 
Sjampinjong er matsopp.

Mange artar av sopp har fruktlekamar som kan brukast til mat. Døme på dette er sjampinjong, kantarell, trøffel, steinsopp, sauesopp og nokre typar piggsopp. Mange andre soppar er giftige, til dømes raud, kvit og grøn flugesopp, og spiss giftslørsopp. Dersom ein plukkar sopp sjølv må ein vera sikker på at det er matsopp før bruk.

Den viktigaste soppen i matlaging er nok likevel gjær, som vert nytta både i bakst og til gjæring av alkohol.

Sjå ògEndra


BakgrunnsstoffEndra