Grisøyre

planteslekt
(Omdirigert frå Hypochoeris)

Grisøyre er ei planteslekt i korgplantefamilien. Plantene i grisøyreslekta har blad i rosettar. Skafta er bladlause med ei eller eit par korger som minner om Hieracium. Korgdekkblada er taklagde og mørkgrøne, blomstrane gule og fruktene har lange nebb. Det er agner mellom blomstrane.

Grisøyre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Slekt: Grisøyre Hypochaeris
L., 1753

Norske artar i grisøyreslekta

endre

I Noreg veks tre artar. Ikkje nokon av desse veks i Nord-Noreg.

Kjelder

endre
  • Dansk wikipedia.
  • Nederlandsk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.