The Internet Movie Database

(Omdirigert frå IMDb)

The Internet Movie Database (IMDb) er den eldste og sannsynlegvis største filmdatabasenInternett. Den er kjent for å vere svært dekkjande, også med informasjon om ikkje-engelskspråklege filmar, lågbudsjettfilmar, TV-filmar og dataspel.

The Internet Movie Database

Type nettstadfilmdatabase, anmeldelsesaggregator, videospilldatabase, kollaborativ katalogisering, database over tv-serier, podkastkatalog, nettdatabase, selskap
Tilgjengeleg påengelsk
Grunnlagd17. oktober 1990
EigarAmazon.com
Nettstadwww.imdb.com

IMDb vart oppretta i 1990 som eit enkelt program for å søkje i lista over vanlege spørsmål (FAQ) for nyheitsgruppe rec.arts.movies.[1] I 1993 var det mogleg å sende spørsmål til programmet via e-post, og året etter kunne også brukarane sende inn tillegg til databasen og det vart utvikla eit www-basert grensesnitt, noko som opna IMDb for den store brukarmassen. I byrjinga var IMDb ikkje-kommersiell, og brukte donert bandbredde og maskinvare. I 1996 vart det danna eit selskap i Storbritannia, Internet Movie Database Ltd. med eigendomsretten til databasen, og det kom reklame på nettstaden. I 1998 vart verksemda kjøpt opp av Amazon.com.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre