iPod er ein berbar digital lydavspelar frå Apple. Den fyrste vart lansert 23. oktober 2001 om lag 8 månader etter iTunes vart lansert. Per i dag finst det fire versjonar av iPod: iPod classic, iPod shuffle, iPod nano og iPod touch.
Ein iPod kan spele filformata MP3, WAV, AAC, AIFF, Audible og Apple Lossless. Nokre spelarar kan òg brukast som berbar harddisk.
Fram til og med iOS 4 var musikkprogrammet som følgde med iPhone og iPad også kalla iPod.

iPod-lina som den var i september 2012. F.v. iPod shuffle, iPod nano, iPod, classic, iPod touch.

Den første iPoden kunne lagra 5 gigabyte, noko som ifølge Apple-direktøren tilsvarte om lag «1000 songar i lomma di».[1] I dag har iPod-en med størst lagringsplass (160 GB) plass til om lag 40 000 songar.[2]

Ulike iPodar

endre
Bilete Namn Beskriving
  iPod classic  iPod classic er den fyrste iPoden Apple lanserte, og den er no kome til 6. generasjon og har 160 GB lagringskapasitet. iPod classic brukar ein 1,8" stor harddisk som lagringseining.[3]
  iPod nano iPod nano er ein ganske populær MP3-spelar laga av Apple. Lagringsmetoden til iPod Nano er flash-basert. Siste versjonen nyttar som iPod touch og iPhone, ein trykkfølsom skjerm.[4]
  iPod shuffle iPod shuffle er den minste av iPod-modellane til Apple, og har ingen skjerm. Ein kan enten spele songane sine i tilfeldig rekkjefølgje (som namnet seier), eller i rekkjefølgja spelelista er sett opp i på førehand.[5]
  iPod touch iPod touch vart påverka av iPhone-designet og funksjonaliteten. iPod touch blir levert i tre utgåver, med minne på 16, 32 og 64 GB[6]

Klikkehjulet

endre
 

Dei fem knappane på dei eldste iPodane utvikla seg etterkvart til å bli éi flate. Dette vart kalla klikkehjulet og vart eit viktig særmerke for iPod med eit minimalistisk og brukarvennleg grensesnitt. Knappane utfører grunnleggande ting som: meny, spel/pause, neste, førre. Andre ting, som blant anna crolling og volumendring, vert utført ved å føre fingeren i ei roterande rørsle over flata. I dag er det berre iPod Classic som har klikkehjulet. iPod shuffle har dei same knappane, men ein viktig forskjell er at ein ikkje kan scrolle på same måten (i staden kalla styrepute av Apple).

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. "1000 songs in your pocket", eit slagord for iPoden.
  2. http://www.apple.com/no/ipodclassic/
  3. [1]
  4. [2]
  5. [3]
  6. [4]
  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.