I Love You Te Quiero

«I Love You Te Quiero» (engelsk og spansk for Eg elskar deg, eg elskar deg) er ein song av den norske duoen Sirkus Eliassen, gjeven ut 30. januar 2013. Songen er skriven av Magnus Eliassen og Erik Eliassen.

«I Love You Te Quiero»
Melodi Grand Prix 2013
Land Noreg
Artist(ar) Magnus Eliassen og Erik Eliassen
Alias Sirkus Eliassen
Språk Bodødialekt, engelsk og spansk
Komponist(ar) Magnus Eliassen
Låtskrivar(ar) Magnus Eliassen og Erik Eliassen
Resultat
Plass Semifinale 3: 2
Finalen: Ukjend (gjekk vidare)
Gullfinalen: 3

Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på bodødialekt, engelsk og spansk av Sirkus Elissen. Bidraget deltok i den tredje semifinalen, enda på andreplass og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk bidraget vidare til gullfinalen og enda til slutt på tredjeplass. Bidraget fekk ikkje representere Noreg.

Kjelder endre