Norsk rikskringkasting

norsk statleg allmennkringkastar

Norsk rikskringkasting AS (til vanleg forkorta til NRK) er ein offentleg eigd kringkastingsorganisasjon som er finansiert av ei kringkastingsavgift eller lisens frå TV-sjåarane. Kringkastingssjefen vert tilsett av styret for NRK for eit tidsrom av seks år med høve til forlenging seks år til. Frå 29. april 2022 har Vibeke Fürst Haugen vore kringkastingssjef, ho tok over etter Thor Gjermund Eriksen.[1]

NRK

LandNoreg
HovudkontorNRK Marienlyst
Nettstadhttps://www.nrk.no/
NRK Lansert 1933 Land Noreg Hovudkontor NRK Marienlyst Nettstad https://www.nrk.no/
NRK

Lansert1933
LandNoreg
HovudkontorNRK Marienlyst
Nettstadhttps://www.nrk.no/
NRK-bygningen på Marienlyst i Oslo.

Kringkasting er ei norsk omsetjing av det engelske ordet «broadcasting». Ordet «rikskringkasting» er òg inspirert av den tyske nemninga «Reichsrundfunk». Opprettinga og organiseringa av NRK er mykje inspirert av det britiske British Broadcasting Corporation, BBC.

Omsetjinga vart brukt første gongen i 1924 og vart offisiell nemning frå 1925. Kringkasting innebar opphavleg trådlaus utsending av lyd (tale/musikk), og etterkvart òg levande bilete.

NRK vart skipa 1. juli 1933 og er den største mediebedriften i Noreg.

NRK byr på tre TV-kanalar, 14 radiokanalar og eit breitt tilbod på nett.

Rundt om i landet har NRK 15 distriktskontor.[2]

Klar til opptak av NRK-programmet Nytt på Nytt

NRKs eigar og styre endre

Allmennkringkastaren NRK er eit statleg eigd aksjeselskap. Kulturdepartementet er generalforsamling og vel NRK sitt styre.

Styreleiar er Birger Magnus.[3]

 
Knut Borge med gjester. Frå innspelinga av 20 spørsmål i «Studio 19» på Marienlyst, 3. februar 2005

Historikk endre

Kringkasting i Noreg vart starta i 1924 av det private selskapet Kringkastningselskapet A/S. Dette var forgjengaren for Norsk rikskringkasting som vart etablert i 1933. NRK var eigd og kontrollert av Staten. Selskapet hadde monopol på kringkasting fram til 1980-talet, då dei første lokalradioane fekk etablere seg. I TV-marknaden var dei einerådande fram til opninga av TV2 i 1992.

I dei første tretti åra var NRK sitt einaste produkt radio. I 1954 starta selskapet dei første prøvesendingane for fjernsyn og starta regulære TV-sendingar i 1960. Fargesendingar vart først prøvd i 1972 med regulære fargesendingar frå 1975.

NRK har hovudkontoret sitt på Marienlyst i Oslo. Distriktskontor vart for alvor etablert på 70- og 80-talet, mellom anna Sámi Radio. Tekst-TV starta sendingar i 1983.

NRK vart statleg aksjeselskap i 1996. Internettsatsinga starta i 1994.

NRK sine stasjonar/kanalar endre

Radio
TV

Forkortinga endre

N.R.K. som forkorting slo gjennom i 1945. Endå seinare vart «NRK» vanleg.

Før 1945 var den meste brukte forkortinga NR (eller N.r. og N.R.). Raudekrossen (Norges Røde Kors) protesterte mot at NRK skulle tyda "Norsk rikskringkasting".

Kjelder endre

  1. NRK (22. april 2009), «Kringkastingssjefene», NRK (på norsk bokmål), henta 23. mai 2022 
  2. Kommunikasjon, N. R. K. (22. april 2009), «Et bredt og variert medietilbud», NRK (på norsk bokmål), henta 24. mai 2022 
  3. Kommunikasjon, N. R. K. (31. oktober 2007), «NRKs eigar og styre», NRK, henta 24. mai 2022 

Bakgrunnsstoff endre