Ian Rush
Ian James Rush (fødd 20. oktober 1961) er ein britisk-walisisk tidlegare fotballspelar. Gjennom to periodar som spelar i Liverpool FC var han med om å vinne både den engelske ligaen, FA-cupen og den engelske ligacupen fleirfaldige gongar. Største triumfen for Rush kom då Liverpool sigra i Europacupen 1984. Han skåra i alt 229 ligamål for Liverpool FC, fordelt på 469 kampar. Rush var med i 73 av Wales sine landskampar i tida 1980-86.
Ian Rush i 2010 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Ian James Rush | ||
Fødselsdato | 20. oktober 1961 (63 år) | ||
Fødestad | St. Asaph i Wales | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1978-1980 | Chester City | 34 | (14) |
1980-1986 | Liverpool | 182 | (109) |
1986-1988 | Juventus | 29 | (7) |
1986-1987 | → Liverpool (lån) | 42 | (30) |
1988-1996 | Liverpool | 245 | (90) |
1996-1997 | Leeds | 36 | (3) |
1997-1998 | Newcastle | 10 | (0) |
1998 | → Sheffield United (lån) | 4 | (0) |
1998-1999 | Wrexham | 17 | (0) |
1999-2000 | Sydney United | 3 | (1) |
Totalt | 602 | (346) | |
Landslag | |||
1980-1996 | Wales | 73 | (28) |
Trenar for | |||
2004-2005 | Chester City | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreRush var aktiv for Chester City i engelsk tredjedivisjon i to sesongar 1978-80. Etter å ha vorte overført til Liverpool FC mot 300 000 pund, fekk han sin ligadebut i 1. divisjon den 13. desember 1980. Fyrst i 1981/82-sesongen fekk han fast plass på ligalaget, ein sesong som enda med ligapokal og siger i ligacupen, to triumfar Rush og Liverpool gjentok dei to neste sesongane. Våren 1984 triumferte Liverpool-spelarane også i ei tredje turnering, med di dei vann finalen i europacupen. I 1986 vart Rush ligameister for fjerde gong, og han skåra to av måla i FA-cupfinalen då Everton FC vart slått 3-1 på Wembley stadion.
Etter ein lite vellukka 1987/88-sesong i italienske Juventus, drog Rush tilbake til Liverpool FC. Den 20. mai 1989 vart han matchvinnar med sine to nettkjenningar då Liverpool FC vann 3-2 over Everton i FA-cupfinalen. Sidan deltok han då Liverpool gjekk til topps i ligaen i 1990 og sigra i FA-cupen 1992. I mars 1995 mottok Rush sin 13. og siste turneringspokal gjennom Liverpool-siger i ligacupen. Rush var innbytar då Liverpool FC tapte FA-cupfinalen 1996 mot Manchester United, hans aller siste kamp i Liverpool-drakt.
Siste åra som profesjonell fotballspelar, 1966-99, vandra han frå Leeds United til Newcastle United, vidare til Sheffield United og Wrexham AFC.
Landslagsspel
endreRush spelte 73 landskampar for Wales i tida frå mai 1980 til januar 1996. Han skåra 28 mål. Wales kvalifiserte seg ikkje til noko meisterskaps-turnering i denne perioden.
Merittar
endre- Vinnar av Europacupen: 1984 med Liverpool FC
- Engelsk ligameister: 1982, 1983, 1984, 1986 og 1990 med Liverpool FC
- Vinnar av FA-cupen: 1986, 1989 og 1992 med Liverpool FC
- Engelsk ligacupvinnar: 1981, 1982, 1983, 1984 og 1995 med Liverpool FC
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ian Rush» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2019.