Ibaraki prefektur
(Omdirigert frå Ibaraki)
Ibaraki (茨城県 Ibaraki-ken) er eit prefektur i Japan som ligg på øya Honshu, i Kanto-regionen. Residenshovudstaden er Mito. Andre byar er Chikusei, Takahagi og Ibaraki.
Ibaraki | |||
茨城県 | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Japan | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Mito | ||
Areal | 6 097,39 km² | ||
Folketal | 2 862 372 (1. mars 2021)[1] | ||
Ibaraki prefektur 36°20′30″N 140°26′49″E / 36.341722222222°N 140.44683333333°E | |||
Kart over Japan med Ibaraki markert med raudt.
| |||
Wikimedia Commons: Ibaraki prefecture |
Prefekturet dekker 6 096 km2.[2] I 2021 hadde prefekturet 2 862 372 innbyggjarar.
Ibaraki er kjend som opphavsstaden til kampsporten aikido, som blei grunnlagd av Ueshiba Morihei. Ueshiba levde siste delen av livet sitt i Iwama der han grunnla ein dojo og eit tempel. I Mito finst ein berømd hage, Kairakuen, med over 3 000 japanske plommetre. I Mito, Kasama og Yuki finst òg slottsruinar.
Ibaraki er elles kjend for natto (gjæra soyabønner) frå Mito, vassmelon frå Kyowa og kastanjar frå Nishiibaraki-regionen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «茨城県の人口と世帯(推計)月報/茨城県».
- ↑ Statistics Bureau (30. juni 2010), «1.7 Area by Prefecture», Japan Statistical Yearbook 2011
- Denne artikkelen bygger på «Ibaraki Prefecture» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.