Ibaraki prefektur

Ibaraki (茨城県 Ibaraki-ken) er eit prefektur i Japan som ligg på øya Honshu, i Kanto-regionen. Residenshovudstaden er Mito. Andre byar er Chikusei, Takahagi og Ibaraki.

Ibaraki
茨城県
fylke
Flagg
Symbol
Land  Japan
Hovudstad Mito
Areal 6 097,39 km²
Folketal 2 862 372 (1. mars 2021)[1]
Kart
Ibaraki prefektur
36°20′30″N 140°26′49″E / 36.341722222222°N 140.44683333333°E / 36.341722222222; 140.44683333333
Kart over Japan med Ibaraki markert med raudt.
Kart over Japan med Ibaraki markert med raudt.
Kart over Japan med Ibaraki markert med raudt.
Wikimedia Commons: Ibaraki prefecture

Prefekturet dekker 6 096 km2.[2] I 2021 hadde prefekturet 2 862 372 innbyggjarar.

Ibaraki er kjend som opphavsstaden til kampsporten aikido, som blei grunnlagd av Ueshiba Morihei. Ueshiba levde siste delen av livet sitt i Iwama der han grunnla ein dojo og eit tempel. I Mito finst ein berømd hage, Kairakuen, med over 3 000 japanske plommetre. I Mito, Kasama og Yuki finst òg slottsruinar.

Ibaraki er elles kjend for natto (gjæra soyabønner) frå Mito, vassmelon frå Kyowa og kastanjar frå Nishiibaraki-regionen.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «茨城県の人口と世帯(推計)月報/茨城県». 
  2. Statistics Bureau (30. juni 2010), «1.7 Area by Prefecture», Japan Statistical Yearbook 2011 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ibaraki prefektur
  Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.