Ida Ingemarsdotter

Ida Maria Erika Ingemarsdotter (fødd 26. april 1985) er ein svensk langrennar frå Sveg i Härjedalen. Saman med Charlotte Kalla vart ho verdsmeister i lagsprint under Ski-VM 2011 i Oslo og tre år seinare vart dei same to olympiske meistrar då det svenske mannskapet vann 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2014 i Sotsji. Ida Ingemarsdotter vann elles fem VM-sølv i tida 2011-15, fordelt på to stafettar, to lagsprintar og i 2013 den individuelle sprinttevlinga. Under vinterlekane 2014 sikra ho seg elles ein bronsemedalje i lagsprinten. Per 11.3.2019 hadde ho vunne to sprinttevlingar i verdscupen i langrenn.

Ida Ingemarsdotter


Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. april 1985 (38 år)
Sveg
Idrett langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 2010, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – Lagsprint kvinner, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre