Idrettshall er ein hall som kan brukast til innandørs idrett. Han kan vera ein frittståande bygning eller del av eit større kompleks, og omfatta eit eller fleire rom.

Idrettshallen Gigantium i Aalborg.

Historie

endre

Idrettshallar og idrettsområde kan sporast over 3000 år tilbake til det antikke Persia. Der var dei kjende som zurkhaneh, som arenaer som oppmuntra til fysisk utøving. Gymnasium, det vil seia stader for gymnastikkutøving, var ein del av det tyske fenomenet Turnplatz, eit utandørsområde til gymnastikk. Det blei sett i fokus av læraren Friedrich Jahn og den politiske og gymnastiske rørsla Turner. Den første innandørs idrettshallen i Tyskland var truleg den i Hesse som blei bygga i 1852 av Adolph Spiess. Han var ein entusiast for kroppsøving for gutar og jente på skulane.

Kjelder

endre