Idrettsklubben Grand Bodø

Idrettsklubben Grand Bodø er eit idrettslag heimehøyrande i Bodø by. Idrettsklubben vart stifta 12. april 1917 og er i dag dominert av fotballspelarar. Grand har også vore aktiv innom friidrett, handball og skeiseløp. Grand-laga spelar i heilraude drakter.

IK Grand Bodø
Skipa12. april 1917
KallenamnGrand
HeimebaneNordlandshallen
Aspmyra stadion
LigaHerrer
4. divisjon HESA
LandNoreg
ByBodø
StadBodø
HovudtrenarHerrer
Cato Moan
Heimedrakt
Bortedrakt

IK Grand arrangerte NM i friidrett 1980, ein meisterskap der Grand-medlemem Einar Hernes vart norsk meister på 110 meter hekk.

Grand er elles særleg kjent for kvinnelaget i fotball, som deltok i toppserien fyrste gongen i 1987 og som spelte på nivå 2 til og med 2023. Grand sitt lag for karar rykte i 1981 opp frå 3. divisjon. I 1982 enda laget sist i 2. divisjon B og har dei seinare åra lege på nivå 5 i seriesystemet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre