Einar Hernes (fødd 7. mai 1958) er ein norsk tidlegare hekkeløpar og sprintar frå Bodø. Han vart i 1980 noregsmeister på 110 meter hekk. Hernes var medlem i IK Grand til 1982, sidan i nyskipa Bodø Friidrettsklubb.

Einar Hernes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1958 (65 år)
Idrett friidrett

Åra 1976 til 1984 vann Hernes ein gullmedalje, fire sølv- og to bronsemedaljar på korthekken under dei norske meisterskapane i friidrett. Han fekk dessutan med seg eit NM-sølv og ein NM-bronse på 200 meter i den same perioden.

Hernes sin personlege rekord på 200 meter er 21,65 sekund, oppnådd i 1981. I 1982 sette han personbeste på 110 meter hekk med tida 14,15 sekund, med manuell tidtaking fekk han den same sesongen notert 13,9 sekund.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre