Idrettslaget Sparta

Idrettslaget Sparta er eit idrettslag frå Sarpsborg, stifta 23. november 1928. Laget har i alle år vore aktivt med fotball, i perioden 1959-95 også med ishockey. Lagsfargane er blå trøyer med kvite ermar, og kvite bukser.

Fotballaget vart norsk meister i 1952 og AIF-meister i åra 1936-38. Våren 1948 tok Sparta seg til finalen i Norgesserien, der det vart tap 1-2 mot Freidig. Ishockeylaget vart norsk meister i 1984 og 1989, og seriemeister i 1984 og 1986.

Ishockeygruppa i Sparta gjekk konkurs i 1995. Eit nytt lag, som uformelt går under namnet Sparta Warriors, vart skipa same året.

Fotballaget har sidan 2000-talet hatt det formelle namnet Sparta Sarpsborg. Framfor 2008-sesongen trekte laget seg frå nivå to i seriefotballen og overlet plassen i seriesystemet til det nyskipa Sarpsborg 08. Målvakta Asbjørn Hansen og angriparen Odd Wang Sørensen er dei mest meritterte fotballspelarane i Sparta.

Kjelder endre

  • Store norske leksikon.