Odd Wang Sørensen

norsk fotballspelar

Odd Wang Sørensen (22. desember 192210. april 2004) var ein norsk landslagsspelar i fotball frå Borge i Østfold. I tida 1947-55 spelte han 25 landskampar og skåra 17 mål. Han vart cupmeister med IL Sparta i 1952. Sørensen «var en ypperlig angrepsleder med stor gjennombruddskraf. Han «var sikker i situasjonsbedømmelsen, hurtig og meget brysom for et hvilket som helst forsvar - og en goalgetter av rang».

Odd Wang Sørensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. desember 1922
Fredrikstad
Død

10. april 2004 (81 år)
Sarpsborg kommune

Yrke fotballspelar

Karriere endre

Klubbspel endre

Sørensen spelte i alle år for IL Sparta i Sarpsborg, eit arbeidaridrettslag som hevda seg i landstoppen i det fyrste tiåret etter 2. verdskrigen. Våren 1948 møtte Sparta trondheimsklubben Freidig til finalen i Noregsserien, forløparen til Hovudserien, og tapte 1-2. Perioden 1948-54 var Sparta eit av dei beste laga i Hovudserien, utan at det makta å nå seriefinalen. Frå 1946 til 1954 nådde Sparta kvartfinalane i cupmeisterskapen annakvart år. I 1952 tok laget seg sågar heilt til NM-finalen, der Sparta slo overraskingslaget Solberg IL med 3-2 og vart noregsmeister. Sørensen la opp i 1957.

Landslagsspel endre

Midtspissen Sørensen er særleg kjend for innstasen i landskampen mot USA 6. august 1948. På heimebane i Oslo skåra han fem av måla då Noreg vann 11-0, ein prestasjon ingen annan norsk landslagsspelar har gjort han etter. Ein månad seinare skåra han begge måla då Noreg sigra med 2-0 over Finland i den nordiske meisterskapen. Også fire år seinare skåra han to mål mot Finland i ein landskamp i nordisk meisterskap. I sine seks siste landskampar skåra han ikkje, og enda med 17 landslagsmål på 25 kampar. Gullklokka for 25 kampar fekk han 25. mai 1955, i ein landskamp på heimebane som enda med tap 1-3 mot Irland.

Merittar endre

  • Cupmeister 1952 med Sparta

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Fotballboken. 1967