Idriss Déby
tsjadisk politikar
Idriss Déby Itno (18. juni 1952–20. april 2021) var president i Tsjad i meir enn 30 år. Han kom til makta i 1990, og tok over etter Hissein Habré, som hadde styrt landet i 11 år som ein eittpartistat.
Idriss Déby | |||
| |||
Fødd | 18. juni 1952 Fada | ||
---|---|---|---|
Død | 20. april 2021 (68 år) | ||
Statsborgar av | Tsjad | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Utdanna ved | Institut aéronautique et école de pilotage Amaury de la Grange | ||
Ektefelle | Hinda Deby Itno | ||
Barn | Brahim Déby, Mahamat Déby | ||
Alle verv |
Ifølgje fleire menneskerettsorganisasjonar blei 25 000 menneske drepne under styret til Déby. Verken menneskerettar eller pressefridom blei overhaldne i landet.
Déby døydde kort tid etter at han var blitt gjenvald til ein sjette periode som president. Han drog ut for å vitja soldatar som kjempa mot opprørarar ved fronten, og blei skoten.[1] Sonen Mahamat Déby etterfølgde han i embetet.
Kjelder
endre- ↑ Degenkolv, Peter (20. april 2021), «Præsident død efter sammenstød med oprørere», Ekstra Bladet
- Denne artikkelen bygger på «Idriss Déby» frå Wikipedia på dansk, den 9. juni 2024.