Ignác Halász (26. mai 18559. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk språkforskar, litteraturvitar, lærar og medlem av Det Ungarske Vitskapsakademiet (frå 1888). Halász er viktig for språkhistoria i Norden ved at han var den første som utførte ei systematisk gransking av sørsamisk.

Ignác Halász

FøddFischer Ignác
26. mai 1855
Tés
Død9. april 1901
Budapest
NasjonalitetKeisardømet Austerrike, Austerrike-Ungarn
Områdespråkvitskap
Yrkelingvist, litteraturhistorikar, skolelærer
Alma materEötvös Loránd-universitetet
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet
Suomalais-Ugrilainen Seura

Far til Halász var først lærar, deretter kjøpmann. Han planla ei karriere som vitskapsmann for sonen, og gav han målretta privatundervisning. Ignác Halász gjekk grunnskolen i Várpalota, og gymnaset i Veszprém. I 1873 skreiv han seg inn på humanistisk fakultet ved Budapest universitet. Lærarane hans på universitetet var Ferenc Toldy, Ágost Greguss, Gusztáv Heinrich og Josef Budenz. Særleg Budenz sit arbeid med samanliknande språkforsking var viktig for Halász. I løpet av universtietsstudiet fekk han stipend for å skrive om samisk morfologi, noko han gjorde i lag med Móric Szilas. Halász avla lærareksamen 1877 og var deretter lærar i Budapest og Székesfehérvár. Halász avla doktorgraden i 1881.

Språkforsking

endre

Halász vart medlem av det ungarske vitskapsakademiet i 1888, og av Finsk-ugriska sällskapet i Helsingfors i 1889. I 1893 var han privatlærar i ungarsk samanliknande språkforskin ved Budapest universitet, og seinare same år underviste han i same emne ved universitetet i Cluj.

Med støtte frå det ungarske vitskapsakademiet gjennomførte Halász tre vitskaplege ekspedisjonar til samane i Sverige og Noreg. Der samla han språkleg og etnografisk materiale. Den første reisa varte frå juni til september 1884, og gjekk via Warsawa og Finland til dei sørsamiske områda, der han budde i lag med sørsamane. Den andre og tredje reisa gjorde han i 1886 og 1891. Hovudverket hans er Svéd-lapp nyelv I–VI ("Sverige-samisk språk I-VI"), framleis ei viktig kjelde til kunnskap om sørsamisk språk.

Bibliografi

endre

Artiklar

endre
  • I tidsskriftet Magyarország és a Nagyvilág:
    • 1874. Finn népmesék; Suomalainen egy novellája
    • 1877. Yrjö Koskinen egy elbeszélése
  • I tidsskriftet Vasárnapi Újság:
    • 1874. Finn népmese
  • I tidsskriftet A magyar nyelvőr:
    • 1874. Tudom, tom.; Az alom, elem képző; A mány, vány képző
    • 1875. Az ít igeképző; Kazinczy ujításai
    • 1876. Az ul, ül igeképző; Az és kötőszó
    • 1878–81. Ritkább és homályosabb képzők, a magyar tudom. akadémiától a Sámuel-díjjal kitüntetve
    • 1881–83. Visszahódított magyar szók; Kazinczy mint fordító
    • 1888–89. Magyar elemek az északi szláv nyelvekben
    • 1892–94. Szómagyarázatok

Bøker

endre

Kjelder

endre
  • Finsk wikipedia, 19.8. 2012