Il ritorno di Tobia

Il ritorno di Tobia (Tobias' heimkomst) er eit oratorium av Joseph Haydn (Hob. XXI:1) i to akter.

Tobit og Anna. Måleri av Abraham De Pape (ca. 1658), National Gallery of London

Bakgrunn endre

Haydn komponerte Il ritorno di Tobia i 1775 die Tonkünstler-Societät i Wien, og baserte valet av historie og den musikalske utforminga etter Wiensk smak på 1700-talet: Librettoen, skriven av Giovanni Gastone Boccherini, bror til komponisten Luigi Boccherini, var på italiensk, som var på moten, og handlinga, teken frå Tobits bok, var særs innanfor musikk, biletkunst og litteratur.

Boccherini sin libretto avgrensar seg til den siste delen av Tobits bok, der Tobias kjem heim og den den blinde far hans, Tobit, blir kurert. Tidlegare hendingar, som Tobias sitt giftarmål med Sarah, og eventyra han har opplevd på reisa, er berre fortald etter heimkomsten. På denne måten blir handlinga driven framover av kjensler og retrospeksjon heller enn konfliktar, og verket føyer seg difor etter dei tre dramatiske einskapane til Aristoteles.

Verket blei fyrst framført i april 1775, i lokala til den wienske Tonkünstler-Sozietät, og blei godt motteke. Konfliktar mellom Tonkünstler-Sozietät og Haydn sette derimot ein stoppar for fleire framføringar, og verket blei lagt til sides i nokre år. I 1781 byrja ein å planleggje ei nyoppsetjing, men dette skjedde fyrst i 1784, og då i sterkt forandra form: Lengda på ariane blei kutta ned (i sær fordi ein ikkje fann nokon passande songar til å spela Anna), og korparti blei lagt til. Denne freistnaden viste seg derimot i bli ein fiasko; trass i alle forandringane i verket blei nyoppsetjinga ein fiasko, då heile Opera seria-genren ikkje lengre var rekna som like relevant.

Ensemble endre

Solistar:

  • Tobia (Tenor)
  • Anna, Mor til Tobia (Alt)
  • Tobit, Far til Tobia (Bass)
  • Sara, Brura til Tobia (Sopran)
  • Raffaelle, ein Engel (Sopran)

Hebrearkor (SATB) og orkester

Handlinga er lagt til Anna og Tobit sitt hus i Ninive.

Form endre

I likskap med ein Opera seria, men til sterk forskjell frå Haydn sine seinare oratorie, brukast koret berre i opninga, og avsluttingane av kvar akt; stordelen av verket dominerast difor av veksel mellom ariar og resitativ. I sær ariane må trekkjast fram som særs virtuose, noko som både vann verket mykje merksemd, men gjorde det vanskeleg å få ordna oppsetjingar. Bruken av orkesteret er, i likskap med mykje av Haydn sin øvrige musikk frå same tid, prega av den musikale Sturm und Drang-rørsla, som kjenneteiknast av eit særs kraftig og kjensleladd uttrykk, men som har mindre flyt og eleganse ettertida har assosiert Haydn med.

Mottaking endre

Verket fekk i si eiga tid ein blanda mottaking. Haydn var sjølv stolt av verket, og trekte det i ein sjølvbiografisk skisse frå 1776 fram som eit av sine mest vellukka verk, men framføringane av verket i 1775 blei hindra av at Haydn kom i konflikt med Tonkünstler-Societät. Nyoppføringa i 1784 er rekna som mislukka, då publikum sin smak hadde endra seg for mykje sidan verket blei skriven.

I vår tid har verket vore gjeve relativt lite merksemd, då det fell utanfor perioden den høgwienerklassisistiske perioden (1780-1827), og som italienskspråleg ikkje har hatt den same relevansen for tysk nasjonalistisk musikkresepsjon som dei to seinare oratoria til Haydn, Skapinga og Årstidene. Forma til verket, basert på rekkjer av alternering mellom arie og resitativ, og relativt få korscener, har òg vore rekna for å vere lite eigna til oratorieforma, og verket har ofte vore sett på som å musikalsk liggje nærare ein opera seria enn eit oratorie (Det siste synet kjem av at ein i moderne tid i hovudsak tenkjer på Händel og Haydn sine seinare oratorie når tradisjonen på 1700-talet dekkjast), og historia, som er henta frå apokryfane, er ikkje lengre allmenn kjend blant folk. Til sjuande og sist fell verket på at handlinga for eit notidig publikum verkar udramatisk som eit resultat av den attendeskuande strukturen. Trass i at ein i større og større grad har fått opp auga for dei musikalske kvalitetane til verket har dette hovudsakleg gjeve utslag i at ein har spela inn enkeltnummer heller enn at heile verket har vore freista teke fram, og dette er nok ein tendens som vil fortsetje.

Musikknummer endre

Sinfonia/Ouverture (I opningsnummeret kan ein sterk likskap med opninga av Haydn sitt seinare oratorie Jesu sju siste ord på krossen merkast)

Parte Prima (Fyrste akt)

  1. Tobit, Anna, Hebrearkor Pietà d'un infelice
  2. Resitativ (Anna, Tobit) og arie (Anna) Sudò il guerriero
  3. Resitativ og arie (Tobit) Ah tu m'ascolta!
  4. Resitativ (Anna, Raffaelle) og arie (Raffaelle) Anna, m'ascolta!
  5. Resitativ og arie (Anna) Ah gran Dio! fylgd av hebraerkoret Ah gran Dio!
  6. Resitativ (Tobia, Sara) og arie (Tobia) Quando mi dona un cenno
  7. Resitativ og arie (Sara) Del caro sposo
  8. Resitativ (Raffaelle, Tobit, Sara, Anna, Tobia) Rivelarti a Dio piacque
  9. Kor (Raffaelle, Sara, Anna, Tobia, Tobit, Hebräer) Odi le nostre voci

Parte Seconda (Andre akt)

  1. Resitativ (Anna, Sara, Raffaelle) og arie (Raffaelle) Come se a voi parlasse)
  2. Resitativ (Anna, Sara) og arie (Sara) Non parmi esser fra gl'uomini
  3. Resitativ (Anna, Tobia) og arie (Tobia) Que felice nocchier
  4. Resitativ og arie (Anna) Come in sogno un stuol m'apparve
  5. Resitativ (Tobia, Tobit, Raffaelle) og arie (Tobit) Invan lo chiedi, amico
  6. Resitativ og duett (Anna, Tobia) Dunque, o Dio
  7. Resitativ (Raffaelle, Sara, Anna, Tobia, Tobit) Qui di morir si parla
  8. Kor (Sara, Anna, Tobia, Tobit, Hebräer) Io non oso alzar

Zu den Rezitativen der Nummern 2, 4, 8, 10 und 16 fertigte Haydn Zweitfassungen an.

Bakgrunnsstoff endre

  • Libretto (originallibretto på italiensk og tysk omsetjing; PDF; 190 kB)