Ildri Eidem Løvaas

norsk politikar

Ildri Eidem Løvaas (fødd 1963) er ein norsk lokalpolitikar for Høgre. Ho var ordførar i Oppegård kommune frå 2009 til 2015. Eidem Løvaas har vore medlem av kommunestyret i Oppegård sidan 2003, og var varaordførar og medlem av formannskapet frå 2007. Ho tok over som ordførar då Sylvi Graham vart vald inn på Stortinget i september 2009, og vart vald for fire nye år etter kommunevalet i 2011.[1]

Ildri Eidem Løvaas
Fødd12. mai 1963 (60 år)
Lillehammer kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
MorVelaug Eidem Løvaas
VervOrdførar i Oppegård 2009-2015
FøregangarSylvi Graham
EtterfylgjarThomas Sjøvold
Alle verv
  • ordførar i Oppegård (2009–2015) Sjå dette på Wikidata

Løvaas arbeidde i Norges Blindeforbund frå 1989 til 2009.

Kjelder endre

  1. «Ildri Eidem Løvaas ble suveren vinner». Østlandets Blad. 13. september 2011. Henta 23. november 2011. 

Bakgrunnsstoff endre