Tavira (portugisisk Ilha de Tavira) er ei øy sør for byen Tavira, berre nokre få hundre meter frå kysten. Ho er 11 km lang og mellom 150 meter og 1 km brei. Øya har ei 11 km lang sandstrand. Ho er ein del av naturreservatet Ria Formosa. Ho er ei populær øy for turisme, symjing og fuglekikking. Ein kan nå øya med båt og ei lita flytebru i Santa Luzia/Pedras d'El Rei-området.

Strand på Tavira.
Strand Barill.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ilha de Tavira