Ilze Juhansone
Ilze Juhansone (fødd i 1971) er ein latvisk filolog og jurist. Frå 14. januar 2020 er ho generalsekretær i Europakommisjonen.[1] Ved utnemninga hadde Juhansone vore fungerande generalsekretær sidan august 2018.[2][3]
Ilze Juhansone | |||
| |||
Fødd | 1971 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Latvia | ||
Yrke | ambassadør, generalsekretær | ||
Alma mater | Universitetet i Latvia juss filologi |
Juhansone blei fødd i Den latviske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen. Frå 1989 til 1994 studerte ho latvisk filologi ved Universitetet i Riga.
Juhansone har vore rektor ved ein yrkesskule og arbeida i leiinga ved flyktningekontoret i Riga. Frå 2003 til 2004 var ho jurist ved den latviske representasjonen i EU og i 2004 blei ho statssekretær i det latviske justisdepartementet. Frå 2008 til 2011 var ho direktør for EU-sakar i det latviske utanriksdepartementet og frå 2011 til 2015 ambassadør til EU. Ho blei visegeneralsekretær i Europakommisjonen i 2015.[3]
Utmerkingar
endreJuhansone er utnemnd til kommandør av Trestjernerordenen.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Europa-kommisjonen (14. januar 2020). «Ilze Juhansone appointed as the Commission's new Secretary-General today». European Commission - European Commission (på engelsk). Henta 9. juli 2020. «Following the proposal of President von der Leyen, Ilze Juhansone, who is currently the acting Secretary-General of the European Commission, has been appointed today as the Commission's new Secretary-General with immediate effect. | Ilze Juhansone will be the eighth Secretary-General of the European Commission to assume this post. She has served as Deputy Secretary-General of the Commission responsible for interinstitutional and external relations since October 2015.»
- ↑ Kostaki, Irene (25. juli 2019). «IlzeJuhansone to serve as interim EU Secretary General». New Europe (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. juli 2019. Henta 25. august 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «Deputy Secretary-General Ilze Juhansone». European Commission - European Commission (på engelsk). Henta 25. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Ilze Juhansone» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.