Immunogen er emne som oppfattast som kroppsframande og difor framkallar eit immunsvar. Immunsvaret kan vera både humoraltt og cellulært.

Immunogene molekyl kan ha ulike immunogene epitopar og provoserer fram ulike antistoff med ulike bindingsstader på eitt og same antigenmolekyl.

Immunogen er i prinsipp antigen som kan framkalla eit immunsvar. Dei fleste immunogene emne er makromolekyl. Nokre lågmolekylære emne er for små til sjølve å kunna framkalla eit immunsvar. Enda om dei kan fungera som antigen og reagera med ferdiggjorde antistoff, kan slike emne berre få epitopar og tena som immunogen om dei er bundne til berarmolekyl (hapten).

Litteratur endre

  • Delves PJ, Martin SJ, Burton DR, Roitt IM (red., 2006) Roitt´s Essential Immunology, 11. utg., Blackwell Publishing Ltd., Oxford. ISBN 9781405136037.