Opna hovudmenyen

Impuls i fysikk

kraft gonger tida krafta varer

Impuls eller kraftstøyt er i fysikk kraft gonger den tida krafta verkar. Lekamen som krafta verkar på får ved kraftstøyten ei forandring i rørslemengda si. Forandringa i rørslemengd er ofte misvisande vorte kalla impuls.

I elektrisitetslæra brukast iblant impuls i tydinga kortvarig straumstøyt (straumimpuls), men som regel brukar ein heller nemninga puls i denne samanhengen.

FormelEndra

 

der

I er impuls (anna symbol nytta er òg J),
F er krafta, og
dt er ei infinitesimal tid.

Viss F er konstant, vert dette redusert til   som er lik produktet av krafta   og tida  

 

Eininga for impuls er newtonsekund, Ns.

Siden tida t er ein positiv skalar, vil impulsen ha same retninga som krafta.

ImpulslovaEndra

Ein lekam med masse   blir påverka av ein konstant kraft   i tida  . Startfarten er   og sluttfarten er  .

Akselerasjonen blir

 

Av den andre lova til Newton

 

Me veit at rørslemengd er definert som  

 

Når ein lekam er påvekra av krefter, gjev resultantkrafta lekamen ein impuls som er lik forandringa i rørslemengda til gjenstanden.

 

KjelderEndra