Indisk mat er eit samleomgrep for mat og matkultur frå dei ulike kulturane på det indiske subkontinentet. Felles for dei fleste typane indisk mat er den utstrakte bruken av sausar som er smaksette med sterke og/eller søte krydder. Mykje av maten er prega av den indiske vegetartradisjonen, med stor vekt på linseretter, grønsaker og basismat som ris og brød. Nokre tradisjonar bruker likevel mykje kjøt og fisk.

Eit panjabisk måltid.

Av dei ulike typane indisk mat kan nemnast nordindisk mat (inkludert panjabisk mat), bengalsk mat og sørindisk mat (inkludert tamilsk mat).

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Indisk mat
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.